Bål ute av kontroll skapte stor lyngbrann i Luster
Plus
I 14.45-tida skal brannen vere under kontroll og sløkt.
Klokka 12.25 fekk politiet melding om grasbrann på storleik med ein fotballbane ved Skjolden i Luster.
Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt opplyser at det skal vere eit bål som har kome ut av kontroll.
– Det spreier seg fort i terrenget, seier han.
Klokka 12.54 melder politiet at brannen har begynt å ta seg opp. Det er fare for spreiing til ein driftsbygning.
– Det er krevjande med tilkomst av ressursar.
Klokka 13.17 er brannvesenet framme på staden, og melder om ein stor lyngbrann som trekker mot skogen.
Brannen spreier seg veldig raskt, melder politiet.
Klokka 14.17 melder Jostein Steinsland-Hauge i 110 Vest at det er kontroll på brannen. Helikopterstøtta som var rekvirert er ikkje naudsynt.
Litt over ein halvtime seinare er det meldt at brannen er sløkt, og at ettersløkking pågår på staden.
Politiets operasjonssentral skriv vidare at ingen skal vere skadde, og at heller ingen bygg er råka av brannen.
Det er også starta politiavhøyr av personar på staden.