Herold

Kutt i biblioteket gjer Sunnfjord mindre attraktiv

Plus
Kilde: Firda Author: Trude Hege Bergesen, Utflytta sunnfjording, Husnes Published: 2026-04-21 11:27:02
Kutt i biblioteket gjer Sunnfjord mindre attraktiv

Eg er utflytta sunnfjording frÄ Sande, og eg vitjar ofte heimbygda. Difor vart eg oppriktig sjokkert dÄ eg fekk vite at politikarane i Sunnfjord kommune vurderer Ä kutte stilling ved Sande bibliotek, som er ein del av Sunnfjord bibliotek. Eit slikt kutt vil i praksis rasere bibliotektilbodet for innbyggjarane i tidlegare Gaular kommune.

Sande bibliotek er i dag eit levande, godt og framtidsretta bibliotektilbod. Det er ein viktig mĂžteplass i bygda, med varierte og spennande arrangement, ofte i samarbeid med lokale lag og organisasjonar. Biblioteket har eit tydeleg fokus pĂ„ berekraft, samhald og kunnskapsdeling – verdiar som kommunen elles seier dei vil styrke.

Å tru at ein kan drive bibliotek utan personale, er ein illusjon.Utan fagfolk pĂ„ jobb blir biblioteket redusert til eit dĂždt boklager. Alle aktivitetar for barn og unge vil forsvinne. Samarbeidet med skule og barnehage vil falle bort. Arrangement, leselyst, rettleiing og formidling – alt dette kviler pĂ„ menneske, ikkje pĂ„ hyller.

I haust var eg sĂ„ heldig Ă„ delta pĂ„ eit fantastisk bokarrangement pĂ„ Sande bibliotek med dei nasjonalt anerkjende forfattarane Gaute Heivoll og Kjersti Annesdatter Skomsvoll. Det var ein litterĂŠr samtale pĂ„ hĂžgt nivĂ„, eit tilbod ein ikkje kan ta for gitt i distrikta. Kvelden vart runda av med kveldsmat i samarbeid med Sogelaget. Slike mĂžte skaper fellesskap – og dei skjer nettopp fordi biblioteket er ein aktiv aktĂžr i bygda.

Og dette er ikkje enkeltstÄande dÞme. Berre denne veka har biblioteket hatt ekstra fokus pÄ berekraft, eigenberedskap, natur og praktisk handverk. PÄ Sande har ein hatt besÞk om bunadstell, eit prosjekt med barnehagen der barn lÊrer Ä dyrke mat pÄ berekraftig vis i samarbeid med SAMhagen, og ein inviterer til plantebyte for heile bygda. Dette er lÄgterskeltilbod som styrkjer kunnskap, fellesskap og lokal beredskap.

I ei tid der mange kjenner pĂ„ einsemd, uro og avstand, treng vi fleire – ikkje fĂŠrre – mĂžteplassar. Biblioteket er ein godt etablert, inkluderande og gratis arena for fellesskap. Det er viktig for barn og unge, for eldre, for tilflyttarar og for oss som har flytta ut, men framleis kjenner tilknyting til bygda.

Å kutte i bibliotektilbodet pĂ„ Sande er kortsiktig og vil gĂ„ utover alle som bur der.

For mi eiga del merkar eg at slike kutt fĂ„r heilt konkrete konsekvensar. Å byggje ned bibliotek- og kulturtilbodet gjer at lysta til Ă„ flytte heim att til Sunnfjord blir mindre, ikkje stĂžrre. Eit dĂ„rleg bibliotek- og kulturtilbod er heller ikkje noko som trekkjer til seg nye innbyggjarar. Tvert imot er det nettopp levande mĂžteplassar, kulturtilbod og kunnskapsarenaer som gjer distrikta attraktive for barnefamiliar, unge vaksne og folk som vurderer Ă„ busetje seg i kommunen. NĂ„r ein svekkjer dette, svekkjer ein ogsĂ„ framtidstrua i lokalsamfunna.

Eg hÄpar difor politikarane i Sunnfjord kommune tenkjer seg grundig om fÞr dei gjer eit vedtak som det vil ta mange Är Ä reparere.

Biblioteket er ikkje ei utgift. Det er ei investering i menneske, i fellesskap – og i framtida.

đŸ·ïž Extracted Entities (7)

Sunnfjord (place) Sande (entity) Gaular (entity) Gaute Heivoll (person) Kjersti Annesdatter Skomsvoll (person) SAMhagen (entity) Sogelaget (entity)