No startar innspurten mot ny Svelgen-skule
Plus
I juni skal anbodskonkurransen utlysast med forventa vurdering av tilboda i september/oktober.
Det kjem fram av prosjektmandatet for forprosjektet til Svelgen oppvekst som formannskapet i Bremanger skal handsame torsdag denne veka.
Kostnaden med forprosjektet er kalkulert til 1,43 millionar kroner, eit prosjekt som formannskapet som fungerande styringsgruppe skal leie.
I tillegg er det ei eiga prosjektgruppe leia av ordførar Anne Kristin Førde.
Prosjektleiar Hans Thomas Solheim blir leigd inn frå Stad kommune.
Prosjektgruppe
For å komme i mål innan tidsfristane må konkurransegrunnlag utarbeidast og kvalitetssikrast ferdig før sommarferien.
Det er bestemt at følgjande element skal vere med:
- Riving av ungdomskulen
- Komplett rehabilitering av barneskulen
- Alternativ med redusert rehabilitering av barneksulen
- Ny ungdomskule
- Integrering av kulturskulen i nybygget.
Kva som skal skje med samlokalisering av bibliotek, frivilligsentral og eventuelt kulturskule (Malia-prosjektet) er ikkje avklara, og må handsamast som ei separat sak.
Bibliotek-flytting til Svelgen oppvekst vil koste for mykje
Politisk floke om vegval for å gjere Svelgen sentrum liv laga
Konsekvensar for Svelgen sentrum – behov for ei breiare vurdering
Anbefaler millionstøtte til glasgateprosjektet i Svelgen