Herold

Motstandarane får medhald hos Statsforvaltaren – for andre gong

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Svend Arne Vee Published: 2026-04-21 22:10:46
Motstandarane får medhald hos Statsforvaltaren – for andre gong

Statsforvaltaren i Vestland har for andre gong slått fast at Bremanger kommune må gi meir innsyn i den kvantitative risikoanalysen (QRA) for den planlagde hydrogen- og ammoniakkfabrikken på Holmaneset i Svelgen.

Folkeaksjonen mot etablering av hydrogen- og amoniakkfabrikk i Svelgen har vunne fram med kravet sitt om at innbyggjarane har rett til å kjenne til risikoen ved prosjektet.

Avgjerda frå Statsforvaltaren kjem etter at folkeaksjonen har klaga på kommunen si handtering av innsynskravet. Folkeaksjonen meiner det er avgjerande at informasjon om risiko og konsekvensar for lokalsamfunnet blir offentleg, særleg ettersom QRA-analysen er ein føresetnad for eit forsvarleg planvedtak.

Første medhald: Kommunen avslo på feil grunnlag

Saka starta i januar 2026 då Folkeaksjonen, leia av Sølvi Solvang, bad om innsyn i QRA-analysen. Bremanger kommune avslo kravet 13. januar, med grunngjeving i at analysen var unntatt offentlegheit etter offentleglova og forvaltningslova, med fokus på forretningshemmeligheiter og informasjon som kunne lette straffbare handlingar.

Dette vedtaket blei klaga på, og Statsforvaltaren i Vestland kom med si første avgjerd 6. februar 2026. Dei oppheva kommunen sitt vedtak og slo fast at kommunen hadde gjort ein feil ved å ikkje vurdere folkeaksjonen som part i saka, med rett til partsinnsyn etter forvaltningslova §§ 18 og 19.

Statsforvaltaren påpeika at kommunen ikkje hadde gjort ei tilstrekkeleg sjølvstendig vurdering av innsynskravet, og at dei hadde lagt for stor vekt på råd frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) utan å gjere eiga vurdering.

Andre runde: Sladda dokument heldt ikkje mål

Etter den første avgjerda måtte Bremanger kommune behandle innsynskravet på nytt. Kommunen sendte deretter ut ei sterkt sladda versjon av QRA-analysen datert 24. februar 2026, og heldt fast ved at den usladda versjonen var unntatt offentlegheit. Dei argumenterte med at noko av den sladda informasjonen allereie var tilgjengeleg i andre plandokument.

Folkeaksjonen klaga igjen 9. mars 2026. Dei kritiserte sladdinga for å vere i strid med både offentlegheitslova, miljøinformasjonslova og krava til utgreiing i plan- og bygningslova.

– Vi kan vanskeleg sjå korleis ein mangelfull oppdatert forstudie til QRA-rapport skal sladdast av sikkerheitsmessige årsaker, skreiv folkeaksjonen i klagen sin.

– Denne studien er ein moglegheitsstudie, og fabrikken i seg sjølv vil eventuelt utgjere terrormål, konstaterte dei.

Dei lista opp fleire konkrete punkt der dei meinte innsyn var avgjerande, inkludert risiko ved lasting av ammoniakk, produksjonskapasitet, lagervolum og vurdering av dominoeffektar.

– Ålmenta har elles ein særleg rett til å kjenne til risikoen ved storulykkeanlegg som vert regulert nær offentleg infrastruktur og busetnad, framheva folkeaksjonen, og la til at informasjon om frekvensar for ulykker, dominoeffektar og tal på arbeidsplassar er naudsynte opplysningar for ei reell klagebehandling.

Statsforvaltaren gir Folkeaksjonen medhald - igjen

I sitt nye vedtak, datert 6. februar 2026, oppheva Statsforvaltaren på nytt Bremanger kommune sitt vedtak. Dei påpeika at kommunen hadde feilaktig unnlatt å vurdere spørsmålet om partsinnsyn etter forvaltningslova, og at dette kunne ha påverka innhaldet i vedtaket.

Statsforvaltaren presiserte at QRA-analysen er ein del av sakens dokument i klagesaka, og at kommunen si vurdering ikkje var tilstrekkeleg sjølvstendig. Statsforvaltaren understrekar at kommunen er pliktig til å gjere si eiga vurdering av retten til innsyn, og ikkje berre lene seg på råd frå DSB.

Dette betyr at Bremanger kommune no må behandle innsynskravet for tredje gong, og denne gongen med eit tydeleg pålegg om å vurdere Folkeaksjonen sin rett til partsinnsyn og å gjere ei grundig og sjølvstendig vurdering av kva informasjon som kan unntakast offentlegheit.

Avgjerda er endeleg og kan ikkje klagast på.

– Vi synest det er påfallande at kommunen ikkje har meir forvaltningsrettsleg kompetanse, uttalar Anne Bjørnsen på vegner av styret i folkeaksjonen etter Statsforvaltaren si avgjerd i deira favør for andre gong.

Bjørnsen meiner også det er betenkeleg at risikoanalysen det blir vist til i mange ulike samanhengar i prosessen, ikkje er førelagt eller behandla på politiske nivå i kommunen.

Folkeaksjonen mot ammoniakkfabrikk på Holmaneset tel i dag rundt 270 betalande medlemmer.

Departementet set foten ned for inngrep på Holmaneset

– Det blir Fortescue og ammoniakk – eller ingenting

Ordførar uroa for debattklimaet: – Å vere usamd betyr ikkje at ein ikkje lyttar

Har fått fleire klager på Holmaneset-vedtaket

🏷️ Extracted Entities (12)

Statsforvaltaren (entity) QRA (entity) Bremanger (entity) Holmaneset (entity) Folkeaksjonen (entity) DSB (entity) Svelgen (entity) Vestland (place) Anne Bjørnsen (person) Direktoratet (entity) Fortescue (entity) Sølvi Solvang (person)