Heilt bak mål
Samfunnet sitt fokus og stadige køyr på mål og måltal for å redusere sjukefråværet er heilt bak mål. Kva er vitsen med det om folk fortsett er like sjuke?
Mål om å få ned sjukefråværet er ei feil målsetjing
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Eit fokus på sjukefråvær er på kapitalen sine premissar og fører til eit åtak på arbeidstakarane og LO. Og det er der vi ser nå med veldig politisk trykk frå NHO og høgresida for å redusere den rettferdige sjukelønsordning. Før sjukelønsordninga vart innført 1. juli 1978 var ordninga svært urettferdig. Timelønna med tungt fysisk arbeid, i røyk, støv, støyfylte verkstadhallar, ute i all slags vær på verft og byggeplassar samt tungt reinhaldsyrker vart treke i løn når dei vart sjuke. Funksjonærar som jobba inn på kontor hadde fastløn og beheld løna om dei var sjuke. Denne urett var ein viktig grunn når stortinget vedtok sjukelønsordninga.
Kva får høgresida til å synes at urettferdigheit no er rettferdig?Også Høgre med Jo Benkov den gong sa det var riktig å innføre sjukelønsordninga. Slik det fungerte var det forskjellsbehandle arbeidsfolk. Slik forskjells behandling som Jo Benkov syns var urettferdig syns tydeleg vis ei samla høgresida er rettferdig i dag. Dei som meiner det har som oftest ei løn som ligg himmelhøgt over vanlege arbeidsfolk. Og har sjølv gode ordningar som dei ikkje kjem til å miste sjukelønsordninga blir redusert.
Diverre står ikkje arbeidstakarorganisasjonen samla mot inngrep som dei burde. Når organisasjonar utfor LO opnar for å diskutere som gjorde når NHO gjekk til oppseiing av IA avtala, der det vel fordi di reknar med at det ikkje vil ramme dei. Dei kalkulerer vel med at det blir som før ei forskjellsbehandling mellom arbeidarar og funksjonærar/teoretisk/administrative yrker i arbeidslivet. Slike haldningar splitta arbeidsfolk. Det det lettar å ta vekke arbeidarklassen sine rettar som til slutt kan gå ut over alle uansett kva plass i arbeidslivshierarkiet ein er på. Berre sjå på angrep no på lærarane si arbeidstid.
Rødt er mot å svekke sjukelønsordninga og vil heller styrke denDet er i skam at arbeidstakar må vente veker og månadar før dei får sjukepengar frå NAV. Slik var det ikkje før NAV reforma. Når trygdekontora greidde dette med papir og penn, burde NAV greie det med all datateknologi vi har i dag. Denne veka har Rødt aksjonsveke til støtte for sjukelønsordninga.
Målet må jo være å gjer folk friskar og at sjukefråværet derav går nedEit mål om å styrke folk si helse, vil staden rette fokus på kvifor folk er sjuke, kva forebyggande og kva for behandling må til. Og kva kan gjerast på tilrettelegging arbeidsplassen. Folk må vente på behandling og om ventetidene har vore kortare for alle så kunn ein komme raskar i jobb att. Også i attføringssystemet har ein ofte opplevd at Arbeidsavklaringspengar blir brukt opp medan ein ventar på behandling. Tida brukt på opplæring, arbeidstrening, tilbakføring til jobb eller jobbskifte blir brukt opp på ventetid i helsesystemet på grunn av målstyring som ser vekk frå realitetane.
Stopp angrepet på sukelønsordninga!Når ein er sjuk så treng ein tryggleik. Sjukdom i seg sølv er ei belastinga om ein i tillegg skal være redd for kutt i løna og at ein ikkje får betalt renningane sine
Stopp angrepet på sjukelønsordninga og set heller søkelyset korleis ein kan hjelpe folk som er sjuke og møte det på ein positiv måte.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal