Herold

Det er vår historie, vår ætt, vår arv

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Dag Harald Bergtun Published: 2026-04-21 09:28:42
 Det er vår historie, vår ætt, vår arv

Dette omhandlar lokalhistorie og bygdebok for gamle Sandøy kommune v/Randi Kristin Strand & Co.

Oppfordring om å støtte busetnadssoge for gamle Sandøy kommune!

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

I ein artikkel i Romsdals Budstikke frå i fjor sommar (laurdag 7. juni 2025) sto det at Randi Kristin Strand no hadde fått alle dei 500 eksemplara av Band 1A, som omhandlar Lyngværet og Orten. Band 2 med Ona, Husøya og Røssholmen er allereie publisert for fleire år sidan (2011). Band 1B med Finnøya, Gåsøya, Sandøya og Sæterøya er tidsett til utgjeving 2027. Dei neste kjem då vonleg etter dette.

Les også:

Eg vil takke for dei to første, fine banda som allereie har kome ut! Dei er innhaldsrike, grundige og viser mykje av historia og samhaldet og sambandet som har vore mellom øyane i den gamle kommunen, men også mellom alle øyane på Romsdals-, og også delvis Sunnmørs-kysten. Det er lærerikt og artig å lese om dette. Til dei som enno ikkje har tinga eller kjøpt, så vil eg råda dei til det!

I artikkelen kom det fram at denne boka, 1A, er eit prosjekt med underskot på ca. 500.000!

Å laga eit slikt stort bokverk, med svært stort kjeldetilfang, mykje gransking og verifisering, og mange kryssande spor er eit stort arbeid! Mykje større enn å skriva ein prosatekst eller ein roman. Det tek tid, og det tek ressursar, og det blir dyrt. Mykje dyrare enn ein kan setta som den verkelege prisen til kjøparane av dei einskilde bøkene. Av di opplaget er temmeleg lite, vert det færre å dela på.

Støtte til band 1A var frå Romsdals Sogelag/Parelius-stiftinga, Aukra kommune og Elmo i Molde.

Eg tykkjer for det første at det er leit at dette går med eit stort underskot.

Dette er eit viktig bokverk for oss som høyrer og høyrte til desse øyane. Det er vår historie, vår ætt, vår arv. Vi har mykje å takke familiane og tidlegare generasjonars slit og arbeid. Dessutan er det særs interessant og viktig å sjå ting i ein større samanheng. Kjenner ein ikkje historia, kjenner ein ikkje seg sjølv!

For det andre tykkjer eg det er litt leit å sjå at det ikkje er nokon sponsorar frå desse øyane sjølve! Det er flott med Parelius-stiftinga, Elmo i Molde og Aukra kommune, ikkje misforstå, men kvar er dei folka og bedriftene som er på desse øyane og dei som har røtene sine derifrå? Og det er mange som dei fleste veit!

Attåt det så tykkjer eg at det er litt dårleg gjort å overlata delar av rekninga til dette flotte arbeidet som det har vorte, til Randi Kristin Strand. Ho er leiaren i arbeidet, og har røter frå Husøya og Sandøya, men ho har ei lang rekke med folk som hjelper og har hjelpt til med å finna, leita fram og samla stoff, frå eit stort tal bidragsytarar. Mellom anna er det dei lokale folka Anne Huse, Odd Arve Orten, Olav Harnes for siste bandet, og fleire for band 2 og det komande 1B, og vidare. Ein kunstnar lagar flotte illustrasjonar til boka, Linda Leine Thinn.

Er det ikkje litt smålåte av oss med ætt frå desse flotte, rause øyane at vi tek i mot ei slik gåve som dette er, men lest som om det er vår rett å få ho på billegsal, jamvel om vi rett nok betalar ein del av kostnaden for boka når vi tingar ho?

Eg saknar både personar og bedrifter på sponsorlista. Som utflytta Sandøying kjenner eg sjølvsagt ikkje alle lengre, og i alle høve ikkje den økonomiske situasjon dei er i, men eg veit at for mange, både folk og bedrifter, er det tøffe tider, og at ein lyt prioritera hardt. Andre har det lettare. Likevel trur eg at om ein tenkjer seg litt om, så ser ein verdien i å ta vare på si eiga historie, og at dette er varige verdiar som ein gjer vel i å ta vare på.

Eg vonar at so mange som mogleg vil gå til sitt og freista finna midlar til å støtta dette prosjektet vidare! Spesielt dei som har sitt utkome på øyane, men som sagt, mange er dei som har si ætt og sitt utspring derifrå, og som også bør kjenne på ei lita kjensle av tilhøyring til den sams historia.

Eg ville sette stor pris på om bedrifter og bedriftseigarar/leiarar gjorde som i gode «kronerullingstider» og oppmana andre til å vera med på å gje gåver til dette arbeidet!

Eg trur sponsorar vil bli nemnde, og det er ikkje noko dårleg omdøme å ha i framtida.

Eg vil laga ein s.k. «Spleis» for å samla midlar til både å dekkje det underskotet som er, men også til å finansiera deler av dei banda som skal koma, 1B for Finnøya, Gåsøya, Sandøya og Sæterøya, og dei vidare banda for Harøya. Ein «Spleis» er kanskje ikkje det beste for bedrifter som vil gje ein litt større sum, men det problemet trur eg vi i så høve skal klare å løyse!

«Spleis» er også eit særs godt ord i dette øymiljøet, der dette var noko mange hadde mykje erfaring med i direkte tyding. Men også i denne nye tydinga var det nok mange som kjende til dette i eldre tider, både som mottakarar og som givarar!

Hugs det gamle ordet frå «Tord Foleson» av Per Sivle: Merket det stend, um Mannen han stupa!

Spleisen som eg oppfordrar alle til å bidra til er namna: «Stønad til Busetnadssoge for gamle Sandøy kommune»

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (51)

Aukra 📁 (category) Finnøya 📁 (category) Harøya 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Lokalhistorie 📁 (category) Meninger 📁 (category) Molde 📁 (category) Ona 📁 (category) Orten 📁 (category) Randi Kristin Strand (organization) Sandøy 📁 (category) Sandøya (entity) Sandøya 📁 (category) Spleis (entity) Aukra 🏷️ (keyword) Finnøya 🏷️ (keyword) Harøya 🏷️ (keyword) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) Lokalhistorie 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Molde 🏷️ (keyword) ONA 🏷️ (keyword) Orten 🏷️ (keyword) Sandøy 🏷️ (keyword) Sandøya 🏷️ (keyword) Aukra (entity) Elmo (entity) Gåsøya (entity) Husøya (entity) Molde (place) Odd Arve Orten (person) Parelius (entity) Sandøy (place) Sæterøya (entity) Anne Huse (person) Band A (person) Band B (person) Co (entity) Finnøya (entity) Harøya (entity) Linda Leine Thinn (person) Lyngværet (entity) Mannen (entity) Nordvest (entity) Olav Harnes (person) Ona (entity) Per Sivle (person) Røssholmen (entity) Sandøying (entity) Sunnmørs (entity) Tord Foleson (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Sandøy, Harøya, Aukra, Molde, Orten, Sandøya, Finnøya, Ona, Lokalhistorie
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Sandøy, Harøya, Aukra, Molde, Orten, Sandøya, Finnøya, Ona, Lokalhistorie