Herold

Raja til VG: Vil heller ha Støre enn Listhaug

Kilde: NRK Author: NRK Published: 2026-04-21 17:27:23 Last updated: 2026-04-21 19:50:56
Raja til VG: Vil heller ha Støre enn Listhaug

Nestleiar i Venstre Abid Raja seier til VG at han heller vil ha ei regjering leia av Jonas Gahr Støre (Ap) enn ei regjering der Sylvi Listhaug (Frp) er statsminister. – Venstre kan ikkje støtte ei Listhaug-leia regjering. Ei borgarleg sentrumsregjering må difor vere Høgre-leia, som vi i Venstre gjerne deltek i. Men dersom det ikkje er mogeleg, ser Venstre heller at Støre held fram, seier Raja til avisa. – Kan vi ikkje få ei Høgre-leia regjering før eller etter valet i 2029, er det betre at Støre held fram, heller enn ei Listhaug-regjering. Venstre-leiar Guri Melby seier til NRK tysdag kveld at ho opplever brei einigheit i Venstre om at dei ikkje ønsker ei Listhaug-leia regjering. – Men når det gjeld vår posisjon og kven vi skal samarbeide med i regjering, er det ei avgjerd vi skal ta saman i partiet, og ho skal vi ta mykje nærmare valet i 2029, seier ho til NRK.

Raja til VG: Vil heller ha Støre enn Listhaug

Nestleiar i Venstre Abid Raja seier til VG at han heller vil ha ei regjering leia av Jonas Gahr Støre (Ap) enn ei regjering der Sylvi Listhaug (Frp) er statsminister.

– Venstre kan ikkje støtte ei Listhaug-leia regjering. Ei borgarleg sentrumsregjering må difor vere Høgre-leia, som vi i Venstre gjerne deltek i.

Men dersom det ikkje er mogeleg, ser Venstre heller at Støre held fram, seier Raja til avisa.

– Kan vi ikkje få ei Høgre-leia regjering før eller etter valet i 2029, er det betre at Støre held fram, heller enn ei Listhaug-regjering.

Venstre-leiar Guri Melby seier til NRK tysdag kveld at ho opplever brei einigheit i Venstre om at dei ikkje ønsker ei Listhaug-leia regjering.

– Men når det gjeld vår posisjon og kven vi skal samarbeide med i regjering, er det ei avgjerd vi skal ta saman i partiet, og ho skal vi ta mykje nærmare valet i 2029, seier ho til NRK.

🏷️ Extracted Entities (11)

Listhaug (entity) Støre (entity) VG (entity) Venstre Abid Raja (person) Høgre (entity) Fremskrittspartiet 📁 (category) Jonas Gahr Støre Ap (person) Støre-regjeringen 📁 (category) Sylvi Listhaug Frp (person) Venstre 📁 (category) Guri Melby (person)

📊 Metadata

Category: Venstre, Støre-regjeringen, Fremskrittspartiet