Golv kollapsa i Stryn – 140 sauer ramla ned i gjødselkjellar
Plus
Mellom 40 og 50 sauer overlevde ikkje, melder Vest politidistrikt.
Dei andre skal vere sjekka av veterinær og er uskadde.
Hendinga skjedde i Stryn klokka tidleg tysdag morgon. Då vart naudetatane varsla om at golvkonstruksjonen i ein låve hadde kollapsa.
140 sauer var i fjøset då det skjedde og dyra ramla ned i gjødselkjellaren.
Naudetatane og veterinær kom til staden og jobba med å berga dyra som framleis var i live. Arbeidet vart skildra som krevjande på grunn av forholda i kjellaren.
Klokka halv sju oppdaterer operasjonssentralen med at mellom 40 og 50 dyr er daude etter hendinga.
🏷️ Extracted Entities (2)
Stryn
(entity)
Vest
(entity)