Herold

Politiet rykte ut til Vik for å hjelpa med helseoppdrag

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Wenche Schanke Eikum Published: 2026-04-21 07:23:15
Politiet rykte ut til Vik for å hjelpa med helseoppdrag

Politiet rykte tysdag morgon ut til Vik for å hjelpa ambulansepersonell med eit helseoppdrag.

– Me skal assistera med å få kontroll på ein psykisk sjuk mann som helse ikkje kan handtera på eige hand. Me har fleire patruljar på veg dit, og folk kan observera utrykkingskøyretøy på fleire stadar, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt klokka 08.30.

Det skal ikkje vera fare for andre personar, og mannen det er snakk om er åleine i eigen heim.

Klokka 9.16 opplyser politiet at dei har kontroll på mannen, og at helsepersonell tek hand om vedkomande.

🏷️ Extracted Entities (3)

Vik (place) Knut Dahl-Michelsen (organization) Vest (entity)