Brannøving i Flenjatunnelen
Plus
Statens vegvesen arrangerer, i samarbeid med Aurland brann og redning, brannvernøving i Flenjatunnelen torsdag 23. april.
Tunnelen vil vera stengd mellom klokka 19.25 og 21.25 i samband med øvinga.
I ei tid både før og etter vil det vera manuell dirigering med følgjebil. Dette er mellom klokka 18.30-19.25 (under rigging) og 21.25-22.00 (under nedrigging).
Gudvanga- og Fretheimtunnelen vil også vera stengde under øvinga.
Kart med ID 521742
– Me har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at me gjer dette nettopp for dei, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Kjetil Larsen i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vegvesenet skal halda slike beredskapsøvingar.
Det vil bli brukt røykmaskin under øvinga, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Etter øvinga kjem røyken ut av tunnelen i begge retningar. Røyken vil vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt, opplyser Statens vegvesen.