Sat fast på fjellhylle
Plus
Paraglider fekk problem.
Tysdag ettermiddag rykte naudetatane ut etter melding om ei paragliderulukke i Gudvangen.
– Personen skal vera vaken, elles er skadeomfanget ukjend, opplyser operasjonsleiar Ole Ronny Olsen ved Vest politidistrikt klokka 15.58.
Den skadde låg på ei fjellhylle.
Luftambulanse og redningshelikopter rykte også ut til staden.
– Naudetatane er framme på staden og luftambulansen har lokalisert den skadde. Det ser ut til at det skal vera mogleg å landa i nærleiken av pasienten, seier operasjonsleiar Olsen til Sogn Avis klokka 16.39.
Den skadde, ei kvinne, melde sjølv frå om ulukka.
– Ho klagar på smerter i overkropp og mage, seier Olsen.
Klokka 17.16 opplyser politiet at pasienten er henta ned frå fjellhylla.
– Pasienten har nokre fallskader og smerter i ribbein. Hendinga skal ha funne stad på grunn av lite oppdrift og piloten skal sjølv ha styrt mot fjellhylla for å landa der, opplyser Olsen.
Samtlege naudetatar har no avslutta på staden.
Dette er den andre paragliderulukka i Sogn denne tysdagen. Tidlegare i dag fekk ein paraglider problem under ei flyging ved Åberge i Sogndal.
Paraglider hamna i eit tre over Sogndal
– Han verkar uskadd, og går saman med redningsmannskap ned att til vegen