Rykkjer ut til grasbrann i Luster – fare for spreiing til driftsbygning
Sogn brann og redning rykte tysdag ut etter melding om bålbrenning som kom ut av kontroll på sørsida av Lustrafjorden.
(Sogn Avis):Oppdatering: Innsatsleiaren i Sogn brann og redning melder klokka 14.20 at dei no har kontroll på brannen.
Sogn brann og redning rykkjer ut til grasbrann i Luster tysdag. Klokka 12.25 melder Vest politidistrikt at det er snakk om Kvandalen.
– Det skal vera eit bål som er kome ut av kontroll, og som spreier seg fort i terrenget. Det skal ikkje vera fare for busetnad per no, skriv operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.
Politiet er på veg mot staden.
Alarmsentralen 110 Vest melder at det brenn i Haukadal på sørsida av Lustrafjorden.
Klokka 12.54 melder politiet at brannen tek seg opp og at det er fare for spreiing til ein driftsbygning.
Det skal vera krevjande med tilkomst av ressursar og området som brenn skal vera på storleik med ei fotballbane.
Det er ingen skade på personar.
– Brannvesenet er framme med sin første ressurs, og melder om ein stor lyngbrann som trekkjer mot skogen, melder Dahl-Michelsen klokka 13.17.
Kart med ID 525156
🔗 Related Articles (1)
View Graph