Kor langt fram tør vi tenkje?
Plus
Det finst avgjerder som handlar om meir enn tomter, kontraktar og prosjekt. Avgjerder som rører ved noko djupare enn det som kan reknast heim i eit rekneskap. I møte med ord som utvikling, effektivitet og framsteg er det lett å gløyme kva som faktisk står på spel.
For oss som bur i Kvinnherad, omgitt av fjord og fjell, er ikkje dette teoretiske spørsmål. Naturen er ikkje berre bakgrunn for kvardagen vår – den er livsgrunnlaget vårt. Den formar landskapet, identiteten og historia vår.
Eg ber på ei uro for kor lett vi glir forbi nett dei spørsmåla.
Ein litt uventa inngang til denne uroa for meg, er filmen Avatar. For meg er den meir enn underhaldning. Den er ei forteljing som set bilete på noko mange av oss kjenner, men sjeldan stoppar opp ved: Kva som skjer når mennesket sluttar å sjå seg sjølv som ein del av naturen, og byrjar å sjå den først og fremst som ein ressurs.
I filmen kjem menneska til Pandora fordi dei treng ressursar. Dei kjem ikkje av vond vilje. Dei kjem fordi dei meiner dei har rett – og fordi dei ikkje lenger ser skogen som ein skog, men som eit hinder. Landskapet blir ikkje liv, men potensial.
Det er vanskeleg å ikkje høyre eit svakt ekko av dette i vår eiga tid.
Når planar om store datasenter, aukande kraftbehov og omfattande naturinngrep blir framstilte som nødvendige steg inn i framtida, blir diskusjonen ofte reduserte til tal: Kor mange arbeidsplassar, kor mykje kraft, kor stor verdiskaping. På papiret kan dette sjå rasjonelt ut. Krafta finst. Teknologien trengst. Verda digitaliserer seg. Også distrikt som vårt ønskjer livskraft, aktivitet og tru på framtida.
Men det filosofiske ubehaget melder seg når ein ser nærare etter.
For krafta kjem ikkje frå ingenting. Ho kjem frå fjordane, fjella og vassdraga rundt oss. Natur som gjennom generasjonar har blitt demd opp, regulert og endra. Når vi snakkar om kraftoverskot, snakkar vi eigentleg om landskap som allereie har betalt ein pris.
Kjernen ligg kanskje ikkje i kva vi kan byggje.
Kjernen ligg i kva vi er villige til å ofre.
I Avatar ser Na’vi-folket naturen som eit levande nettverk. Skade på éin del påverkar heilskapen. Livet heng saman. Dette kan høyrest romantisk ut heilt til ein ser på realitetane i vår eiga tid: Klimaendringar, tap av biologisk mangfald og stadig hardare press på naturgrunnlaget vårt.
Då blir spørsmålet ubehageleg nært: Har vi gløymt at vi sjølve er ein del av det same systemet?
Ei stille forvandling skjer når verda berre blir forstått gjennom nytte, effektivitet og økonomisk verdi. Naturen sluttar å vere noko vi lever i, og blir i staden noko vi brukar. Fjordar blir kraft. Fjell blir ressursar. Landskap blir areal.
Problemet ligg ikkje berre i teknologien. Det ligg i ein tankegang der vi set oss sjølve utanfor naturen, som om vi kan bruke den utan sjølve å bli råka. Bit for bit riv vi i stykke trådane som held livsgrunnlaget vårt oppe, medan vi kallar det utvikling.
Eit datasenter er ikkje i seg sjølv vondt. Noreg vil trenge digital infrastruktur også i framtida. Dette handlar ikkje om å seie nei til alt nytt. Men det betyr heller ikkje at alle prosjekt er kloke, eller at natur, kraft og areal i nærmiljøet vårt bør bindast opp utan grundig ettertanke.
Vi må våge å stille dei vanskelege spørsmåla før avgjerdene er tekne: Kva skal ressursane våre brukast til – og for kven? Kva slags landskap ønskjer vi å overlate til dei som kjem etter oss?
Kanskje handlar ikkje denne debatten eigentleg berre om eitt datasenter. Kanskje handlar den om kva slags samfunn vi i Kvinnherad ønskjer å vere. Eit samfunn der naturen først og fremst er råstoff i ein global økonomi – eller eit samfunn som set grenser fordi vi forstår at noko ikkje kan erstattast når det først er borte.
Utvikling er ikkje berre noko som skjer med oss.
Det er noko vi vel retninga på.
Og somme av dei viktigaste vala byrjar med at vi stoppar opp, midt mellom fjord og fjell, og tør å tenkje litt lenger fram enn til neste prosjekt.
Smartembed for https://www.kvinnheringen.no/api/graff/v1/component/enkel-poll?id=87112