Om datasenter på Husnes
Plus
Dette blir spennande. Det kan truleg skapa nye arbeidsplassar og velstand for heile den langstrakte kommunen. Også Stord får nok sin del av overskotet. Rettmessig eller ikkje.
Men det heile er prega av sterk hastverk. Det er synd. Veldig synd.
Eigarskap. Det heile verkar litt svakt fundert. Ei oppklaring vil vera nyttig.
Initiativtakaren blir sagt å ha god erfaring frå ammoniakk-produksjon. Korleis gjekk dette? Inkludert dei viktigaste nøkkeltala.
Det blir no oppgitt at selskapet på Husnes skal registrerast på Stord. Har ein tatt omsyn til det nye lovforslaget som kjem frå Frp? Det med at Hydro Husnes og tilsvarande store samt mindre verksemder i distrikta skal skattleggast i vertskommunane. Berre for dette datasenteret vil dette bidra godt for «vesle Kvinnherad». Inntreffer alle vyene som har blitt tilkjennegjort, vil kanskje summen bli vesentleg større. Dei overskytande skatteinntektene må nok sendast til Oslo. Dessverre.
Direktøren på Hydro Husnes har i lokalmedia tilkjennegitt otte for straumforsyninga til eiga verksemd. Datasenteret seier dei vil auka sitt straumforbruk frå 50 MV i oppstarten, til heile 300 MV i 2030 (om 3,5 år.) Det luraste folk i Kvinnherad då kan gjera opp mot 2030, er då å sikra seg batteri og ein primus, så dei greier seg lettare inn i 2031 og frametter. Har kommunen her sett av tilskot til omskuleringsstønad for dei som no har sitt daglege virke i hallane på Husnes? For nok straum til to datasenter, samt det straumbehovet Hydro Husnes ser for seg, blir det då truleg ikkje. Det heile kan med andre ord lett bli ein tragedie.
Det heile er prega av eit veldig hastverk. Kvinnherad kommune er no heldige som endeleg får igjen for alt strevet folk i heile kommunen har lagt ned. I fleire hundre år. Om enkelte personar har slikt eit frykteleg hastverk, er det eigentleg eit dårlig teikn. Det er mest som ein kan tru at enkelte aktar å driva butikk i butikken. Det er ikkje bra. (Proof on files!)
Per Ove Kviteberg (ex Adonis Data) føreslår at ein bør utarbeida eit prospekt. Og marknadsføra moglegheita til dei profesjonelle aktørane i inn- og utland og som alt er i marknaden. Eller i det minste har klare pengar til å investera i Kvinnherad. I dette prosjektet er det alt for mykje synsing. Og det ber preg av ein slik tilkarringskultur at det ikkje er måte på. Slik kan kommunen krevja kanskje opp mot 50 millionar for tomta si, som kan nyttast til gode formål til folk flest. Dette i staden for berre 5 millionar som no. Er det vilje så er det oftast veg!
Det er fleire oppslag om press og truslar mot enkeltpersonar. Ove Lemicka hevdar seg utsett for det. Også underteikna vart trua. (Sjølv om eg klart har gitt uttrykk for at eg i staden for blomar, heller ønskjer ei elektrisk barbermaskin.) Føreslår at dei som blir forsøkt pressa og trua heller gjer dette: Kontakt Kvinnherad Lensmannskontor per telefon. Oppgje kva den som hadde sendt truslane (2) hadde skrive, samt personen sitt navn, alder og yrke. Ferdig snakka. Det tok berre fem minutt den 13. april -26.
NB: Innlegget er skrive for eiga rekning og risiko. Ingenting må lastast eller tilskrivast Frp Kvinnherad sitt syn eller meiningar.