Herold

Fredag skal rundt 45 legar ha øving i dette området: – Kan bli ein del rop og skrik

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-04-21 08:00:00
Fredag skal rundt 45 legar ha øving i dette området: – Kan bli ein del rop og skrik

Rundt 30 ungdommar frå Rosendal ungdomsskule skal vera markørar.

Denne veka, frå onsdag til fredag, arrangerer Hordaland legeforeining kurs i akuttmedisin i villmarka for legar frå heile landet. Det melder Marita Fløtre og Solfrid Hellesøy Siqveland i kurskomiteen i ei pressemelding.

Kurset skal vera i Riddersalen til baroniet, og fredag blir det øving på redningsaksjonar i ulendt terreng i Omshagen og på stien mellom grindene på veg til Hattebergsfossen:

«Øvinga skal gje erfaring med kommunikasjon i vanskeleg terreng, akutte vurderingar, behandling med improviserte løysingar og evakuering. Det vil vera rundt 45 legar i aksjon på øvinga, samt rundt 30 ungdommar frå Rosendal ungdomsskule som stiller som markørar. Øvinga er på føremiddagen fredagen, og kurskomiteen ber om at det vert teke omsyn til øvinga. Det vil bli ein del rop og skrik i området, men dette er ein del av øvinga, og ikkje grunn til uro. Dersom folk er nøydde til å vera i området på denne tida, så er det sjølvsagt lov, men om ein kan venta med føremiddagsturen til etter klokka 12, så er vi takksame for det»står det i pressemeldinga.

🏷️ Extracted Entities (7)

Hattebergsfossen (entity) Hordaland (place) Marita Fløtre (person) Omshagen (entity) Riddersalen (entity) Rosendal (place) Solfrid Hellesøy Siqveland (person)