Herold

Fekk gåve av taxilaget: – Dette er midlar som vil koma heile lokalsamfunnet til gode

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Erlend Handeland Tuastad Published: 2026-04-21 12:42:20
Fekk gåve av taxilaget: – Dette er midlar som vil koma heile lokalsamfunnet til gode

Norges Taxiforbund Hordaland gav i helga 35.000 kroner i gåve til Rosendal bygdelag.

I helga arrangerte Norges Taxiforbund Hordaland sitt årsmøte på Rosendal Fjordhotel. Der delte dei blant anna ut 35.000 kroner til Rosendal bygdelag.

Pengane blei samla inn gjennom eit lotteri med bidrag frå medlemer og leverandørar. Dei skal gå til tiltak som skapar tryggleik, aktivitet og gode møteplassar for både born, unge og vaksne i bygda.

– Dette er midlar som vil koma heile lokalsamfunnet til gode. Vi set stor pris på arbeidet bygdelaget gjer, seier arrangøren i ei pressemelding.

Det var godt oppmøte og det sittande styret blei attvalt, og fleire medlemer fekk heider for lang og tru teneste.

– Det viktigaste for oss er å samla folk og bidra der vi kan. At vi samtidig kan støtta eit lokalt lag som skapar aktivitet og møteplassar, gjer dette ekstra meiningsfullt, seier arrangøren.

Dei rettar ei takk til alle som bidrog til arrangementet, og til Rosendal Fjordhotel for ramma rundt helga.

🏷️ Extracted Entities (2)

Rosendal Fjordhotel (person) Norges Taxiforbund Hordaland (person)