Dugnad, sa du? Jaja, berre kom
Plus
Det er vanskeleg å skriva dette utan å bli stempla som gubbete. Ei umogleg oppgåve, eigentleg.
La gå.
Her om dagen tikka det nemleg inn ein e-post i innboksen: Neste års vossaruss er ute etter arbeid.
Russetida er flytta, men startar likevel stadig tidlegare. Alt på ungdomstrinnet startar mange planlegginga av nokre vekers festing tre-fire år seinare.
Fleire komande russ har sendt meg e-post og lurt på om det er mogleg å jobba dugnad hjå oss.
Ordet dugnader blitt kåra til Noregs nasjonalord. «Dugnad er frivillig, ubetalt arbeid som blir gjort i ein fellesskap». Ofte med ein felles matbit etterpå.
Men denne definisjonen er dessverre i ferd med å bli viska ut: No bidreg foreldre med «dugnad» for fotball-laget, korpset eller skuleturen ved å spela på samvitet og lommeboka til venner, familie, naboar og kjende. Det dei eigentleg driv med, er tvangssal: Dei prakkar på deg alt mogleg fordyra piss i solidaritet med det stakkars barnebarnet eller onkelungen som står i fare for å bli ekskludert frå gjengen om han, ho eller foreldra ikkje klarar å selja unna.
Blant russen er dugnadsomgrepet hyppig brukt for å samla inn pengar «til inntekt for ei trygg og fin russetid».
Ein del av meg vil ta dei på ordet: Få dei inn for å rydda det overflødde lageret, få orden i leidningskrøllet, eller springa rundt på gata for å intervjua vossingane om alt mogleg rart – for så å sjå ut som eit spørsmålsteikn når dei påstår at ein pin-up, ei lefse og ein kaffikopp ikkje er god nok «løn».
Og kva slags søndagsskuleopplegg er det dei vil få russetida til å høyrast ut som? «Trygg og fin russetid», haha. Det funkar kanskje på den godtruande bestemora di, men ikkje på meg.
Sjansen er større for at eg støttar deg om du er ærleg på at du skal rava rundt, drikka deg drita og spela så høg musikk at naboen må henta fram dei ekle, voksinfiserte øyreproppane. Om du er ærleg på at økonomien er skral, han far er noko motvillig til å sponsa det hinsides alkoholkonsumet, eller at han ikkje har donert den gamle familie-Caravellen gratis. At det trass alt er svindyrt å køyra i sirkel rundt og rundt på Vangen, med eit overdimensjonert lydanlegg der songen som strøymer ut ikkje er like billeg som han høyrest ut. At landstreffet er dyrt, ein russedress til 2000 kroner er overprisa og at du har planar om å kjøpa ein stygg parkas du kjem til å angra på at du kjøpte.
Då skal eg heller vurdera å kjøpa karamellane som tar meg opp på tresifra på vekta, tennposane eg alt har altfor mange av, sokkane det går hol på etter tre gongers bruk, eller dorullane eg blir sår i ræva av.
Då skal eg heller vurdera å tilby arbeid de får betalt for.
Men kom ikkje her med dei flotte lureorda «trygg og fin russetid». Og kall det for guds skyld ikkje dugnad.
PS: Før du skriv det i kommentarfeltet: Ja, eg har sjølv vore russekalv (sjå biletet).
PS2: Men eg kjøpte i alle fall ikkje den stygge parkasen.
Til russen: Ha ei fin russetid.
Og til alle som klagar på litt liv og røre i sentrum nokre veker i mai: Det toler du. Finn fram øyreproppane, det varer ikkje så lenge.
Slik blir årets russefeiring: – Me blir prøvekaninar
70 lag påmelde: Her brakar det laus i ettermiddag
Tunge tak for ei god sak