Vi ventar
Morgonrøyk snor seg or pipa og spør: Er det atter ein seinvinterdag?Gradstokken småfrys, men svarar: Eg og april er nok ikkje på lag!
Varmen, ljoset og krafta er bleike og vantar det meste,men NÅ skal våren snart kome for oss, deg og din neste!
Slik Sinding trylla fram " Fruhlingsrauschen" der tonane auser opp naturens kraft og Grieg-Vinje gjev oss "Våren" og hugen som syg opp livgjeven saft.
Krokus og scilla er klare, blåveis har gledd oss ei lita stund.Syrinen har svulmande knoppar, men enno tek dei ein blund.
Frøet hutrar i djupet- når får eg rot og kan titte opp- og suge den gode varmen, kjenne krafta frå rot til topp?
Tranene halsar nordover, håse dei blæs ut sin trompetstøyt.Småfuglen skvett, men finn att maten og trillar ein jublande fløyt.
Gråhimlen bløyter greina så perler veks fram ut på endekvist.Alt livet vil liksom svare og jublande synge: Takk for sist!
Høgtrykk vil sige inn etter helga, våren SKAL fram og stå konfirmant.På nytt kjem glede og latter, livet skal spire i alvor- og tøv og tant.