Gravemaskin kom borti straumkabel og starta grasbrann
Brannmannskap skal ha dynka terrenget i vatn og det er kontroll på brannen.
Politi og brannmannskap er på veg til Kjølsdalen-området i Stad kommune, etter meldingar gras- eller lyngbrann på staden.
Det melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt klokka 17.09 måndag ettermiddag.
Ifølgje politiet skal brannen ha starta etter at ein straumleidning har falle ned i terrenget.
Klokka 17.17 er politiet på staden.
Det er gjort observasjonar av røyk, men ikkje av eld, vert det meldt av operasjonssentalen. Det skal per no ikkje vere fare for spreiing til bygningar.
Klokka 17.32 skal brannvesenet også ha kontroll på brannen.
Operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt fortel at det er stadfesta at det var ein straumkabel som starta terrengbrannen.
– Det er mykje som tilseier dette. Det var ei gravemaskin som hadde komme borti ein leidning med grabben, og så hadde det starta å brenne i terrenget, fortel operasjonsleiaren.
Han fotel at det ikkje skal ha vore eit stort område som brann, og at det var om lag 20 kvadratmeter.
– Politiet var der først, og det var berre observert røyk og ikkje flammar. Då brannmannskap kom på staden fekk dei dynka opmrådet med vatn. Det var heller ikkje fare for spreiing, fortel Olsen.
Politiet på staden har vidare avhøyrt gravemaskinføraren, og operasjonsleiaren fortel at det vil bli oppretta sak.