Herold

Difor er det fullt av naudetatar ved skulen i Førde

Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-04-20 17:13:34
Difor er det fullt av naudetatar ved skulen i Førde

Måndag ettermiddag har forbipasserande kunne sett store mengder tenestefolk og køyretøy tilhøyrande alle naudetatar ved Førde Vgs.

Forbipasserande har kunne sett væpna politi på staden, mykje uniformert personell og tenestekøyretøy. Og då ein Firda-journalist tilfeldigvis gjekk forbi staden i 18.20-tida, kunne det sjå ut som at ein person også vart pågripen.

Operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Ole Ronny Olsen, kan derimot roe alle som lurer om det pågår ei storhending i sentrum eller ved skulen i Førde denne kvelden:

– Dette er ei øving. Det er den årlege PLIVO-øvinga mellom naudetatane, fortel operasjonsleiaren.

PLIVO står for pågåande livstruande vald, og Olsen fortel at etatane vil halde fram til 21.00 denne måndagskvelden.

Politiet og naudetatane har desse øvingane ofte på våren, og operasjonsleiaren kan også fortelje at det skal vere tilsvarande øvingar tysdag i Nordfjord, og onsdag i Sogn.

Operasjonsleiaren opplyser at det også vil komme ei ny, tilsvarande øving i Førde i mai.

– Dei vil då øve over to dagar, og dette vil også vere ved Førde vgs., fortel Olsen.

🏷️ Extracted Entities (6)

Førde Vgs (person) Ole Ronny Olsen (person) Nordfjord (place) PLIVO (entity) Sogn (entity) Vest Politidistrikt (person)