Herold

Stad skipstunnel på Stortinget: 30.000 sjøfolk krev svar

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2026-04-20 17:00:00
Stad skipstunnel på Stortinget: 30.000 sjøfolk krev svar

Torsdag 23. april blir Stad skipstunnel løfta heilt inn i Norges maktsenter når eit breitt fleirtal av partia på Stortinget sjølve står som vertskap for eit eige kunnskapsmøte om prosjektet.

Bak programmet står innsatsgruppa for Stad skipstunnel – med ein tydeleg bodskap: No står slaget om Stad, og avgjerda må takast på eit best mogleg kunnskapsgrunnlag, skriv Sunnmøre regionråd i ei pressemelding.

Møtet kjem på eit tidspunkt der prosjektet igjen er til politisk vurdering.

– Dette er ei sak med store konsekvensar for tryggleik, beredskap og næringsliv langs heile kysten. Vi forventar at stortingspolitikarane kjenner si gjestingstid, seier Elisabeth Hatlenes, som leier innsatsgruppa.

Ho har med seg ein stor delegasjon, der brorparten er frå vestlandskysten, men også andre som nyttar høvet til å få meir kunnskap om temaet.

Samla krav frå sjøfarten

Frå sjøfarten kjem eit samla krav: 30.000 sjøfolk, 3600 fartøy og 300 reiarlag har sendt brev til regjeringa og Stortinget om at bygginga av Stad skipstunnel ikkje kan utsetjast lenger.

Stad er det einaste havstykket som kan sikrast, samstundes som det er det som er mest utsett vêrmessig.

– For oss er ikkje Stadhavet ein teoretisk risiko – det er ein realitet. Dette handlar om tryggleiken til folk som er på jobb langs ein av dei farlegaste havstrekningane i landet, seier styreleiar Marius Strømmen i Norsk Sjøoffisersforbund.

Vil utfordre politisk nøling

På møtet vil også miljøorganisasjonen Bellona utfordre den politiske nølinga, og peike på at skipstunnelen kan vere eit klimatiltak – og eit av få infrastrukturprosjekt med positiv klimanytte.

– Kritisk til prioriteringane

Hatlenes reagerer på korleis prosjektet blir omtala og prioritert.

– Stad skipstunnel blir gjort til eit symbol på sløsing, medan andre prosjekt med lågare samfunnsnytte og dårlegare klimarekneskap går vidare utan same kritiske blikk, seier ho.

Om innsatsgruppa

Ho meiner perspektivet på norsk infrastruktur er for snevert:

– Vi investerer som om Norge er eit forstadsprosjekt rundt Oslo. Realiteten er at det er kysten som gjer oss økonomisk og sikkerheitspolitisk relevante. Den viktigaste transportåra i Norge går langs kysten – og der ligg også den største sårbarheita.

– Stad skipstunnel er ikkje eit prestisjeprosjekt. Det er eit sikkerheitsprosjekt og ei langsiktig investering i Norge som kystnasjon, seier Hatlenes.

🏷️ Extracted Entities (10)

Stortinget (entity) Norge (entity) Stad (place) Elisabeth Hatlenes (person) Bellona (entity) Marius Strømmen (person) Norsk Sjøoffisersforbund (organization) Oslo (place) Stadhavet (entity) Sunnmøre (entity)