Låve kollapsa - fleire sauar har dauda
Klokka 05.31 tysdag morgon vart naudetatane kontakta etter at ein golvkonstruksjon i ein låve hadde kollapsa.
Det melder Vest politidistrikt.
140 sauar skal ha vore i bygget, og dei skal ha falle ned i ein møkkakjellar.
Mellom 40–50 av dei omkom. Resten av dyra er sjekka av veterinær og er uskadd.
Årsaka til kollapsen er foreløpig ikkje kjent.
Politiet avslutta arbeidet på staden klokka 07.16.
🏷️ Extracted Entities (1)
Vest
(entity)