Sandane-selskap konkurs. – Marknaden var ikkje der
Eigedomsselskapet har bygd 15 leilegheiter på Søreide, og hadde planar om fleire byggetrinn.
Måndag vart selskapet Leo4 Eigedom AS slått konkurs. Ola Sundt Ravnestad er dagleg leiar i selskapet som har kjøpt og utvikla det gamle høgskulebygget på Søreide.
Oppsummering 'Kort oppsummert'
Sel hus med 19 soverom: – Det skjer ikkje så ofte
Styreleiar Ole Grøterud fortel at det ikkje var nokon veg utanom å melde oppbod for selskapet.
– Det er eit fantastisk område, og leilegheitene hadde den lågaste kvadratmeterprisen i regionen, men det gjekk ikkje likevel. Vi i har prøvd alt mogeleg for å få til å selje, men marknaden var ikkje der. Vi er veldig lei oss for dette, det er ikkje noko moro, seier styreleiaren.
Selskapet vart oppretta i 2016. I 2025 hadde dei eit underskot på fem millionar, og årsrekneskapa frå dei to føregåande åra viser også raude tal.
Det er ikkje uteståande krav til buet.
– Denne konkursen går ikkje utover andre enn aksjonærane og banken, seier Grøterud.
Aksjonærane taper sannsynlegvis heile aksjekapitalen på 4,6 millionar kroner. Største eigar er styreleiar som sit på 25 prosent av aksjane, medan dagleg leiar eig 17 prosent.
Leo4 Eigedom AS har ei gjeld på om lag 17 millionar kroner.
Smartembed for https://www.regnskapstall.no/widget/accounting/?id=105416760S0&graph=true&finance=true&roles=true&shareholders=true
Firda oppdaterer!