Flammane blussa opp igjen – ingen bebuarar får flytte heim i dag
Brannen i leilegheitskomplekset i Måløy, som tidlegare vart meldt å vere under kontroll, har blussa opp att i den øvste leilegheita mot nord. Brannvesenet jobbar no med å få fleire arbeidslister for å kunne handtere flammane i høgda. Politiet melder at ingen av dei evakuerte bebuarane vil kunne flytte tilbake til heimane sine i dag.
Situasjonen er framleis uoversiktleg, og det er framleis mykje røyk i området, som kan luktast over havet, fortel vitne. Naudetatane fekk melding om brannen klokka 09.09. Først meldte politiet om kontroll, men måtte seinare presisere at brannen ikkje var kontrollert, men «slått ned».
Slik har brannen utvikla seg:
Brannvesenet var raskt på staden etter den første meldinga, og klokka 09.20 stadfesta dei full fyr i øvste etasje. Dei starta med sløkking og søk i bygget.
Kaj Inge Fløde, som kunne sjå brannen frå arbeidsplassen sin, fortalde tidlegare på føremiddagen at brannvesenet hadde kome godt i gang med sløkkingsarbeidet.
– Det er framleis litt flammar, men det er mindre enn tidlegare, sa han. Fløde observerte at brannvesenet nytta lift og spyla både nede frå og frå lift, og det såg ut til at dei heldt på å få kontroll.
Klokka 09.57 melde politiet først at dei hadde fått kontroll på brannen. Men berre 25 minutt seinare, klokka 10.22, kom det ei kontramelding frå Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt. Han presiserte at brannen ikkje var meldt kontrollert, men at den var slått ned og det ikkje skulle vere spreiingsfare.
Bygget består av snikkarverkstad i kjellaren, kiropraktor/fysioterapeut i første etasje, og leilegheiter i dei øvste etasjane. Dahl-Michelsen opplyste klokka 10.48 at brannen hadde råka tre til fire leilegheiter. Sløkkearbeidet har ført til store vasskadar i heile bygget.
Klokka 11.33 meldte Jostein Steinsland-Hauge i 110 Vest at innsatsleiar byrja å få kontroll på brannen, og brannvesenet hadde starta å opne opp inn til konstruksjonen på bygget for å sjekke for glør. Dette var før brannen blussa opp igjen rundt klokka 12.05.
Evakuering og skadeomfang
Folk hadde evakuert seg sjølv frå bygget før politiet kom til staden. Politiet har per no ikkje full oversikt over kor mange som var i bygget og er evakuert, og jobbar med å få oversikt.
Med dei store vasskadane og at brannen har blussa opp igjen, er det usikkert når dei evakuerte kan gå tilbake, og dei vil altså ikkje kunne flytte heim i dag.
Brannårsaka er framleis ukjend.
Firda kjem tilbake med meir.