Eimhjellen tek tilbake hotelldrifta frå hausten
Plus
Hotelleigar Jostein Eimhjellen tek tilbake drifta av Bremanger Fjordhotell frå Florø-grïunderane i Bistro To Kokker frå hausten av.
I fjor tok restaurant-gründerane i Florø, Kåre Hukset og Terje Andersen med sonen Sivert Eldevik Andersen som dagleg leiar, over drifta av Bremanger Fjordhotell. Det blei skrive ein avtale med oppseiingstid på åtte månader mellom Eimhjellen sitt eigedomsselskap og driftselskapet Bremanger Fjord Hotell.
– I samband med bygging av brannstasjon var eg involvert i litt for mange aktivitetar, så det var veldig bra å overlate hotelldrifta til nye og friske krefter. Det er bygging og utvikling som ligg mitt hjarte nærast, understreka Eimhjellen i samband med at avtalen med at avtalen Bistro-gründerane vart offentleg kjent i fjor.
No er brann- og ambulansestasjonsprosjektet landa og Eimhjellen skal gjere store investeringar i badebasseng i hotellhagen.
– Eg sa opp avtalen med Bistro-eigarane om eigarskapen til driftsselskapet ved nyttår. I avtalen står det at eg kan ta tilbake driftsselskapet på like vilkår. Når eg no skal gjere store investeringar i hotellanlegget er det eit krav frå finansieringa at eg må styrke mi eiga inntening ved å ta over drifta sjølv, forklarer han.
Formelt er det slik at tilsette i hotellet følgjer med selskapet vidare etter eigarovertakinga., som ikkje inneber store endringar verken for tilsette eller kundar. Om dagleg leiar Sivert Andersen blir med vidare er ikkje avklart enno. Endringa skjer frå september. Avtalen om hotelldrifta har ein tidshorisont på tre år i utgangspunktet, men det blir no i praksis korta ned med i overkant av eit år.
Styreleiar i driftselskapet Bremanger Fjord Hotell, Terje Andersen, kommenterer sak slik:
– Vi har fått til ein omsetningsauke til over 13 millionar i 2025, medan vi rekna med å greie 11-12 millionar . Vi har forstått og akseptert at det er slik at banken ønskte å føre drifta tilbake til eigar for å gje lån til basseng-prosjektet.
Smartembed for https://www.proff.no/partnersolutions/proff/widgets/widget1/917067988?wid=proff-widget-917067988-itdi&show_accounts=true&show_ratings=true&show_roles_shareholders=true&prefer_corporate=true&show_shareholders=false
Bistro-gründerar tek over drifta av Svelgen-hotellet
– Håpar å gjere Bremanger Fjordhotell om til eit ferieparadis
No vil Jostein bygge basseng
Kjøper du denne, bidreg du til at Svelgen får svømmebasseng