Handballfest til tusen – til langt over midnatt
Plus
For å få kabalen til å gå opp måtte fleire kampar leggast til etter midnatt. Det var handballfest til tusen i Knarvik i tre dagar til ende denne helga. Og neste år blir den store turneringa endå større.
I alt 116 lag deltok i turneringa, med 213 kampar fordelt på Nordhordlandshallen og Knarvik Arena. Dette var tredje gong handballgruppa i Knarvik arrangerte turneringa.
– Vi har planar om å utvida med endå fleire lag neste år. Då kjem vi til å leggja til rette for to kamp-arenaer til i hallen, seier turneringsleiar Kay André Kristoffersen
.
Superstjerne for ein dag
Han er krystallklar på ein ting:
– Det er ikkje det viktigaste å bli størst mogleg, men at alle som kjem til Knarvik skal få gode opplevingar og kjenna seg som ei superstjerne for ein dag. Her er alle vinnarar, og det er premiar til alle spelarane.
Med kampar fram til i 01.30-tida laurdag, og nesten like seint fredag, er det ikkje alle i arrangørstaben som har fått så mange timar søvn i helga.
– Berre nokre få timar på puta, smiler Kristoffersen.
Han fortel at over 5000 har vore innom Nordhordlandshallen og Knarvik Arena under turneringa. Stemninga var på topp, og det «kokte» skikkeleg under premieutdelingane.
Svært mange kjem att
Så godt som alle klubbar i bergensområdet har lag med i turneringa. Og tilbakemeldingane er svært gode, seier Kristoffersen.
– Over 90 prosent av laga som har vore med før, er på plass denne gongen også. Det er jo ein svært god attest.
Ein av klubbane frå bysida tok like godt med seg soveposar og overnatta i Knarvik Arena.
– Det gjekk heilt fint, vi har sove bra, og ungane kosar seg i turneringa, seier Ada Sofie Weaver, ein av trenarane i Sædalen IL, som hadde med fire lag til Knarvik.
Dei lokale klubbane var svært godt representert i Knarvik-turneringa. Knarvik IL og IL Alvidra stilte med ti lag kvar, Nordre Holsnøy med 9 lag, Lindås med 8 lag og Manger med 7 lag.
– Heilt fantastisk, fastslår turneringsleiaren.
Det er ein stor stab som skal til for å ro i land ei så stor turnering. Både Knarvik og andre lokale lag stilte med dommarar og sekretariat til kampane, og både i hallen og på barneskulen var det god tilgang på mat og forfriskingar.
Turneringsleiar Kristoffersen rosar ungdommane i handballgruppa i Knarvik for å stilla opp og bidra til at arrangementet går rundt.
– Vi må våga å gje ungdommane moglegheit til å veksa. På den måten bygger vi også god kultur i klubben, seier han.
Lindås-jubel etter midnatt
Av dei lokale klubbane var det Lindås sitt jenter 2013-lag som kunne jubla høgast. Dei gjekk nemleg heilt til topps etter å ha vunne 9–7 mot Løv-Ham i finalen. Kampen starta først etter midnatt natt til laurdag.
– Vi skal vinna, forsikra Lindås-jentene i kvartfinalen tidlegare på kvelden. Og jentene stod løpet ut.
– Dette gjekk jo over all forventning, seier trenar Roald Solen.
Han fortel at Lindås tapte begge kampane mot Løv-Ham i serien, så då smakte det herleg med revansje i turneringa. Og ikkje nok med det; laget si målvakt, Amalie Bildøe, fekk premien som beste spelar i finalen.
– Eg er veldig kry av jentene, dei jobba knallbra, seier Lindås-trenaren.
Lindås har denne sesongen hatt to J12-lag med i serien, som begge har gjort det veldig sterkt. Og i helga sette dei punktum for sesongen på strålande vis.