Herold

Smell for samarbeidslaget

Plus
Kilde: NH Author: Arthur Kleiveland Published: 2026-04-21 06:39:04
Smell for samarbeidslaget

Ingen god start for samarbeidslaget NBK/Kvernbit i sesongdebuten i fjerdedivisjon. Nymark drog frĂĽ Knarvik med 3-0 i bagasjen.

Fjerdedivisjon, kvinner:

NBK/Kvernbit – Nymark 0-3 (0-2)

NBK/Kvernbit viste brukbare takter og hadde initiativet i den første halvtimen. Men gjestane gjorde kort prosess med to sküringar i sluttminuttane av omgangen. Og etter kvilen plussa Nymark pü til 3-0 frü straffemerket.

– Eit redusert Nymark-lag vinn komfortabelt. Bergenslaget er tøffare i begge 16-metrane, seier fotballekspert David Flatøy.

Han trur Nymark nok er ein av opprykks-kandidatane. Laget vann sin første kamp 7-0 mot Bergen Nord.

– Avslutningane sit ikkje

– Vi får til spelet vårt i førsteomgang, og skapar ein god del. Men vi klarar ikkje å omsetja sjansane, oppsummerer Anna Oline Harnes, målvakt og assistenttrenar.

Ho var svĂŚrt nĂŚr ved ĂĽ fĂĽ fingertuppane pĂĽ straffen.

– Avslutningane sit ikkje som dei skal, seier hovudtrenar Thomas Rønn-Aar.

Pü den andre sida synest han Nymark fekk maksimalt betalt pü sine to avslutningar pü mül i førsteomgang,

Büde David Flatøy og Rønn-Aar framhevar Solveig Brunborg sin innsats som spiss, sÌrleg før pausen. NBK/Kvernbit-trenaren trekker ogsü fram laget sin høgre back, Elina Wiik.

I treningskampane er det Susanne Leikvoll som har notert seg flest gonger pü sküringslista, og ho leverte eit par gode forsøk ogsü i opningskampen.

Mange unge i troppen

– Vi har fleire spelarar som kan finna vegen til nettmaskene, seier NBK/Kvernbit-trenaren. Han fortel om ein god treningsleir på Karmøy, og forsikrar at det absolutt er god kjemi og harmoni i det ferske samarbeidslaget. Rønn-Aar er også godt tilfreds med frammøtet på trening.

NBK/Kvernbit har mange unge og talentfulle spelarar i troppen. Laget starta med berre fem seniorspelarar, resten kom frĂĽ J16 og J19-laget.

– No er det berre å bretta opp ermene til midtveke-kampen borte mot Osterøy, seier NBK/Kvernbit-trenaren.

Osterøy vann sin første kamp 3-0 borte mot Lyngbø 2.

🏷️ Extracted Entities (15)

Nymark (place) NBK/Kvernbit (entity) David Flatøy (person) Thomas Rønn-Aar (organization) Anna Oline Harnes (person) Bergen Nord (person) Elina Wiik (person) J16 (entity) J19 (entity) Karmøy (place) Knarvik (place) Lyngbø (entity) Osterøy (place) Solveig Brunborg (person) Susanne Leikvoll (person)