Herold

Barnefotballen skal vere trygg for alle

Plus
Kilde: Haugesund avis Author: Reidun K. Dahl Kristiansen, Av-og-til-koordinator, og Øyvind Flatebø, idrettsrådgiver i Karmøy kommune, Ann-Kristin Berge Dahle, Av-og-til-koordinator i Tysvær kommune, Miriam Berland, Av-og-til koordinator i Bokn kommune, Rasmus Semmerud, Fagansvarlig Fair play og inkludering, Norges Fotballforbund (NFF), og Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til Published: 2026-04-21 05:41:20
Barnefotballen skal vere trygg for alle

Endeleg vår! Drakter blir funne fram, og fotballsko skal prøvast. Mens barna gler seg til trening og kamp, har vi ei oppfordring til deg som legg til rette for moroa: Ta praten om alkohol og om korleis klubben dykkar skal vere ein trygg klubb for alle.

Fotballen samlar barn og unge på banar og idrettsanlegg over heile Haugalandet. Rundt dei står foreldre, trenarar, lagleiarar og andre frivillige som køyrer, organiserer, heiar og stiller opp. Som vaksen i idretten har du ein unik sjanse til å vere ein god rollemodell og ein trygg støttespelar for mange barn.

Idretten er ein av dei viktigaste fellesskapsarenaene vi har. Dei aller fleste barn og ungdommar er innom fotball eller ein annan idrett i oppveksten. På trening får barna prøve ut nye ferdigheiter, dei får bryne seg på lagkameratar og motspelarar, og dei får sjansen til å slå rot i eit nytt miljø utanfor heim og skule.

For nokre barn betyr trygge vaksne ekstra mykje

For nokre barn er fotballen ekstra viktig. 90 000 barn i Noreg veks opp med foreldre som drikk for mykje. Dei ber med seg erfaringar heimanfrå som andre ikkje ser. Derfor betyr det mykje at dei vaksne i fotballen opptrer på ein trygg, føreseieleg og omsorgsfull måte.

Når vaksne drikk i samband med turneringar eller andre arrangement, kan det gjere fotballen mindre trygg for barna. Det som for vaksne verkar uskyldig, kan opplevast heilt annleis for eit barn. Sjølv om du kjenner ditt eige barn, kjenner du ikkje dei andre barna som er til stades, like godt.

Derfor vil vi komme med ei oppfordring no i starten av fotballsesongen: La oss saman bidra til at fotballen blir ein trygg og føreseieleg arena for alle barn.

3 av 4 i Rogaland meiner at barneidretten bør vere alkoholfri

I ei undersøking som Ipsos har gjennomført på vegner av Av-og-til, svarer 75 prosent i Rogaland at vaksne bør avstå heilt frå alkohol når dei er på arrangement, treff eller turar med barneidretten.

Det viser at det er brei støtte for å halde barneidretten trygg og alkoholfri.

For ja, barnefotballen skal vere ein trygg stad for alle. Her er nokre råd om korleis du kan vere med og gjere klubben din tryggare:

  1. Ver eit godt førebilete: Vis at idrettsglede og fellesskap kan nytast utan alkohol.

  2. Sjå alle barn: Ver merksam på barna rundt deg og skap eit inkluderande miljø.

  3. Stå saman som eit lag: Samarbeid med foreldre, trenarar og klubben om kva forventingar som gjeld.

  4. Set alkohol på dagsordenen: Ta opp temaet tidleg i sesongen og sjekk kva retningslinjer klubben har.

Lykke til med fotballsesongen på Haugalandet!

Reidun K. Dahl Kristiansen, Av-og-til-koordinator, og Øyvind Flatebø, idrettsrådgiver i Karmøy kommune, Ann-Kristin Berge Dahle, Av-og-til-koordinator i Tysvær kommune, Miriam Berland, Av-og-til koordinator i Bokn kommune, Rasmus Semmerud, Fagansvarlig Fair play og inkludering, Norges Fotballforbund (NFF), og Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til

🏷️ Extracted Entities (16)

Av-og (entity) Haugalandet (entity) Rogaland (place) Ann-Kristin Berge Dahle (organization) Bokn (entity) Fagansvarlig Fair (person) Ipsos (entity) Karmøy (place) Miriam Berland (person) Noreg (entity) Norges Fotballforbund NFF (organization) Ragnhild Kaski (person) Rasmus Semmerud (person) Reidun K. Dahl Kristiansen (person) Tysvær (entity) Øyvind Flatebø (person)