Herold

Anne og Jon med nytt album: Spiller konserter over hele fylket

Plus
Kilde: TA Author: Halvor Ulvenes Published: 2026-04-20 16:02:14
Anne og Jon med nytt album: Spiller konserter over hele fylket

Den nye utgjevinga «Kom til meg», med tolv viser, er ute på marknaden. – Kjempegøy at vinyl kjem tilbake, seier Anne Gravir Klykken og Jon Solberg

Fredag 10. april blei plata sleppt på nettplattforma Spotify. No er den fysiske vinylplata i handelen, og den blir offisielt lansert med konsert av dei to musikarane frå Skien og Bø på Litteraturhuset i Bøgata torsdag 23. april.

Dagen etter er det konsert på Tokestua i Drangedal. Seinare opptrer dei på Ælvespeilet i Porsgrunn, Søndre Vik bigard i Nissedal, heime hjå Anne i Solum og på Kvipt i Fyresdal.

Fin kombinasjon

Plata har seks låtar på kvar side. Anne er mykje knytt til folkemusikken og gamle folketonar medan Jon også er inspirert av countrymusikk. Det nye albumet byr på både originalt tradisjonsstoff frå Telemark og viser frå fylket som musikarane har utvikla vidare.

Vidare er det anna norsk tradisjonsstoff og tekstar henta frå det store utland; blant anna frå Skottland og opptak etter den amerikanske spelemannen Tommy Jarrell. 200-årsjubileet for utvandringa er òg med på å prege utgjevinga.

Mykje kjærleik

Kjærleik og søt musikk er ein hyggjelege gjengangar på den fengande plata. Det finn i ein alt i fyrste visa «Kom til meg» som også er tittelen på det nye albumet. Melodien lærte musikarane av Richard Burgess på Trad Sessions i Fredrikstad i 2024.

Kjærleiken står òg sentralt i låt to, «Ludagskvelden», der den litt tyrste friaren bankar på døra til jenta. Fyrst blei det nei, men da han vifta med 500 dalar, lukka ho opp døra. Tittelen på denne visa gjev assosisasjonar til Egedius-motivet «Lørdagskveld» frå 1893, der dei to karane er på veg til jentene i stabburet.

Tollef Klokkerstugo og vennen Torleiv Stadskleiv var modellar da 16-årige Egedius måla dette nattløperiet. Denne visa har Anne og Jon etter opptak av folkemusikaren Olav Haugen frå Bø. Same kjelda har dei til melodien på visa «Ola Person», med tekst av av Gunnar Skrutvold. Ei vise med lukkeleg utgang, der Ola fekk ho Ingeleiv som sat og spann i stova.

Ikkje god nok

«I fyrigste alder» handlar om den jordlause guten som ikkje var god nok for far til jenta, ei klassisk kjærleikshistorie frå det gamle bondesamfunnet. Dette er ei vise etter Margit Finnekåsa frå Gransherad. Drangedalsvalsen, som òg byr på kjærleik, har dei etter Tor Homleid og Drangedalsgruppa Dranger. «Våren og deg» skreiv Olav Solberg, far til Jon, teksten til på 1980-talet, for å nemne nokre av innslaga på den nye utgjevinga.

Anne Gravir Klykken og Jon Solberg har hatt eit musikalsk samarbeid i mange år.

– I 2018 laga eg ei soloplate og trengte ei damestemme. Da blei det Anne. Me hadde ein opptreden saman på Bluesfestivalen nokre år tidlegare, fortel Jon.

Pandemien var ei tung tid for musikarar og kunstnarar over heile landet. Jon fekk da Anne til å syngje inn mange snuttar og i 2022 gav dei ut den fyrste plata saman, «Et ønske». Den førte til mange konsertar både med den kulturelle skulesekken og den kulturelle spaserstokken.

God samarbeid

– Samarbeidet har gått bra. Me ønskjer å gjere kvarandre gode. Anne er veldig positiv, energisk og flink på den administrative sida, seier Jon.

Anne kvitterer med følgjande: – Musikken til Jon har betydd mykje for meg. Eg er kjempeglad for å få vere med i melodiuniverset hans.

Begge to bidreg på alle visene. Anne med vokal, oktavmandolin og slagverk. Jon syng, spelar gitar, fele og fleire andre instrument. På to av visene har dei assistanse av Johanne Flottorp på hardingfele.

– Går det bra økonomisk?

– Me blir ikkje søkkrike, men heller ikkje fattige. Begge har jobbar ved sida av, lyder svaret.

Jon har til saman kring 50 prosent som gymlærar på Bø ungdomsskule og lærar i kulturskulen medan Anne har 40 prosent stilling ved folkemusikkstudiet på USN i Rauland.

Dei dyktige musikarane varslar at det kan bli fleire plateslepp i åra framover.

🏷️ Extracted Entities (41)

Jon Solberg (person) Anne Gravir Klykken (person) (entity) Egedius (entity) Ola Person (entity) Bluesfestivalen (entity) Bøgata (entity) Drangedal (place) Drangedalsgruppa Dranger (organization) Et ønske (entity) Fredrikstad (place) Fyresdal (place) Gransherad (entity) Gunnar Skrutvold (person) Ingeleiv (entity) Johanne Flottorp (person) Kvipt (entity) Litteraturhuset (entity) Ludagskvelden (entity) Lørdagskveld (entity) Margit Finnekåsa (person) Nissedal (place) Olav Haugen (person) Olav Solberg (person) Porsgrunn (place) Rauland (place) Richard Burgess (person) Skien (entity) Skottland (place) Solum (entity) Spotify (entity) Søndre Vik (person) Telemark (place) Tokestua (entity) Tollef Klokkerstugo (person) Tommy Jarrell (person) Tor Homleid (person) Torleiv Stadskleiv (person) Trad Sessions (person) USN (entity) Ælvespeilet (entity)