Herold

Reshjemvegen blir stengd for utbetring

Plus
Kilde: Telen Author: Åslaug Birgitte Græsvold Published: 2026-04-20 12:33:09
Reshjemvegen blir stengd for utbetring

Fylkesveg 3330, Reshjemvegen, blir heilt stengd ved Rudshaugen frå fredag 24. april klokka 17.00 til måndag 27. april klokka 06.00.

Det skriv Telemark fylkeskommune i ei pressemelding måndag.

Årsaka er at ei stikkrenne skal skiftast ut, og for å få til dette må heile vegen gravast over. Stikkrenna som ligg der i dag er kollapsa, og vil bli erstatta av ei ny med større dimensjon.

Kart med ID 524529

Omkøyring er naudsynt

- Det er diverre ikkje mogleg å leggje trafikken rundt anleggsområdet, opplyser kommunikasjonsrådgiver Hanna Hekkelstrand i Seksjon vegforvaltning og transport i fylkeskommunen.

Omkøyring blir om fylkesveg 360/riksveg 36 eller E134/riksveg 36.

- Det vil heller ikkje vere mogleg å passere for mjuke trafikantar, ifølgje Hekkelstrand.

Periodar med manuell dirigering

Det vil pågå arbeid på staden både før og etter stenginga. Det kan bli periodar med manuell dirigering når strekninga blir asfaltert, noko som kan føre til ventetid for dei som ferdast på vegen.

🏷️ Extracted Entities (7)

Hanna Hekkelstrand (person) E134/riksveg (entity) ID (entity) Reshjemvegen (entity) Rudshaugen (entity) Seksjon (entity) Telemark (place)