Hengerompa – og alt det andre som heng med livet
(Litt oppdikta)
Eg stod på badet og pissa.Ein heilt vanleg dag, heilt til eg snudde meg mot speilet bak meg.
Og der stod eg ansikt til ansikt med noko eg ikkje hadde bestilt:
Hengerompe.
Ikkje mykje. Men nok til at eg kjende eit lite stikk av ettertanke.
Eg knipte. Jauda, det løfta seg, som ein optimistisk politikar før val. Men under der låg det framleis eit lite lag som ikkje tok imot instruksjonar.
Så byrja forskinga.
Kvar går ein når kroppen tek sine eigne avgjerder?
Jo. Tannlegen.
Eg hadde ei verketann som hadde plaga meg i månadsvis. Utsett og utsett, som alt anna som ikkje hastar før det gjer vondt nok. Men no slo eg to fluger i ein smekk: fikse tanna og finne ut av hengerompa.
Sanninga ligg på venteværelset med kvinnfolkmagasin.
Der må det stå noko om den lidinga.
Så eg møtte opp i god tid.
Og der fekk eg opp auga for eit heilt univers: ridebukselår, grevinneheng, appelsinhud, problemmage og – hald deg fast – nedsenka livmor.
Eg sat der og tenkte at dette ikkje er kropp, dette er eit heilt fagfelt.
Kvinnfolka har fått utdelt eit kartverk av ting som kan sige, henge og flytte på seg. Det er som om kroppen deira lever sitt eige liv og blir analysert frå topp til tå.
Vi mannfolk?
Vi har litt mage, litt hengerompe og balleheng som kjem snikande som ein stille haust. Og vi kallar det berre «sånn er det blitt».
Men eg byrja å lure der eg sat:
Kvifor i all verda ligg det ikkje eitt einaste magasin på tannlegekontoret for oss?
Ingen artiklar om balleheng.Ingen guide til dobbelthake som elegant kan skjulast med hakeskjegg.Ingen «10 enkle grep for å løfte hengerompa før sommaren».
Berre blanke sider. Som om vi ikkje eksisterer frå halsen og ned.
Ingen skriv om korleis ein får stramare balleheng på tre veker. Ingen sit og diskuterer korleis ein skal løfte baksida etter femti. Vi står der, ser, og nikkar.
Men så slo det meg:Kva er det vi eigentleg held på med?
Kvifor har vi gjort kroppen til eit prosjekt som aldri blir ferdig?
For kroppen er ikkje feil. Han er brukt.
Han har bore ungar, arbeid, bekymringar, latter og lange netter. Og ja, han har bore litt for mykje kaffibrød og litt for lite knebøy.
Og då set livet seg.
I rumpa. På låra. I grevinnehenget. Og, ja, til og med ein plass der inne i systemet.
Men kanskje det ikkje er eit problem.
Kanskje det er eit kart over levd liv.
Og medan eg sat der og venta, fekk eg faktisk fiksa tanna òg.To problem, eitt besøk. Berre eitt av dei var reelt.
Så eg stod der framfor spegelen etterpå, såg hengerompa mi og tenkte:
Dette er ikkje slutten.
Dette er fasiten.
Til alle der ute med hengerompe, ridebukselår, grevinneheng og det som måtte ha flytta litt på seg:
Slapp av.
De er ikkje i ferd med å falle frå kvarandre.
De har berre landa.