Mann måtte frigjerast av brannvesenet etter utforkøyring
Plus
Ein mann i 20-åra blei frakta til Stord sjukehus etter å ha køyrd av vegen på Valen.
Ulukka skjedde på fylkesveg 548 Valevegen og denne blei heilt stengt som følge av hendinga. Det melde Vest politidistrikt i Politiloggen klokka 05.59 måndag.
Det var klokka 05.18 at politiet fekk melding om ulukka.
«Varebil køyrde ut av vegen og velta, mannleg bilførar i 20-åra blei sittande fastklemt og måtte frigjerast av brannvesenet. Han var medviten, men klaga på smerter i ryggen», skriv politiet.
Mannen blei frakta til Stord sjukehus for vidare behandling. Det er ingen mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.
Klokka 07.06 var bilen fjerna av bilbergar og vegen open igjen. Politiet opprettar sak etter hendinga.
Politistasjonssjef Sigurd Børve ved Kvinnherad politistasjon fortel at dei opprettar sak etter ulukka.
– Ulukka skjedde sør i Valen, mellom Valen og Sandvoll. Det var ein varebil som køyrde av vegen, kor bilførar vart sittande fast og måtte reddast ut av Kvinnherad brann og redning. Det var ikkje meldt om alvorlege personsskadar på staden, men han vart sendt vidare til sjukehus for kontroll, seier Børve.