Datasenter på Husnes – moglegheiter, ansvar og behov for kunnskap
Plus
Spørsmålet om datasenter på Husnes engasjerer mange – og det med god grunn. Dette er ei sak som rører ved framtida til Kvinnherad: arbeidsplassar, kraftbruk, natur og lokalsamfunn.
Me har forståing for at forslaget om datasenter på Husnes kom overraskande for mange. Samstundes er det viktig å minna om at kraftkrevjande industri, inkludert datasenter, over tid har vore tydeleg nemnt som eitt av føremåla med grøn næringspark på Husnes. Dette er difor ikkje ein heilt ny tanke som har kome no, men ein idé som har lege i bakgrunnen lenge. Det som er nytt, er at det no ligg føre ein konkret aktør og eit reelt prosjekt. Nettopp difor er det både naturleg og riktig at saka får brei merksemd og ei grundig politisk handsaming.
Me i Senterpartiet er i utgangspunktet positive til å selja tomt til Reikna og leggja til rette for ny næringsverksemd på Husnes. Kvinnherad treng fleire bein å stå på. Me treng arbeidsplassar, me treng framtidsretta kompetanse, og me treng utvikling som gjer at folk vil bu og bli her. Skal me nå målet vårt om å bli fleire innbyggjarar, må me òg skapa fleire arbeidsplassar.
Datasenter vert ofte omtala som noko abstrakt – «i skya». Men i realiteten er dette fysisk, tung industri. Det krev store areal, solid infrastruktur og store mengder kraft. Det gjer dette til ei avgjerd som binder kommunen i mange tiår, og som må takast med både realisme og ansvar.
Samtidig ligg det klare moglegheiter – men òg ein heilt reell risiko – knytt til krafta vår. Kvinnherad produserer store mengder fornybar energi, men i dag vert mykje av denne sendt ut av kommunen. Når linjenettet vert styrkt og ny trafostasjon står ferdig, er det fullt mogleg at krafta frå Kvinnherad i praksis vert brukt til næringsutvikling andre stader, utan at me sit att med tilsvarande arbeidsplassar lokalt. Då må me vera ærlege på kva val me står ovanfor: Skal krafta me har bygd ned natur for å produsera, gå rett ut av kommunen gjennom linjenettet – eller skal me vurdera å måla denne bruken opp mot moglegheita for lokale arbeidsplassar, verdiskaping og ringverknader her hos oss? Dette er ikkje eit argument for å seia ja for ein kvar pris, men eit heilt legitimt spørsmål me har plikt til å stilla før ei avgjerd vert teken.
Ein del av skepsisen blant folk handlar om arbeidsplassar. Mange peikar på at datasenter ofte vert knytte til få direkte jobbar, og viser til tal på berre nokre få arbeidsplassar per anlegg. Det er ei heilt rettmessig bekymring. Samstundes er det viktig å nyansera biletet.
Slik prosjektet på Husnes er skildra, er dette ikkje eit lite, automatisert anlegg utan lokal drift. Dette er planlagt som eit større datasenter med behov for døgnkontinuerleg drift, teknisk personell, beredskap, vedlikehald og administrasjon. Det finst fleire døme på datasenter – både i Noreg og Norden – som har langt fleire arbeidsplassar enn gjennomsnittet, særleg der datasenteret er integrert i eit større industrielt og teknologisk miljø.
I tillegg kjem ringverknadene. Eit datasenter kan vera med og styrkja den digitale infrastrukturen i heile kommunen. Her kan det òg liggja eit positivt samspel med Kvinnherad Breiband. Store og stabile kundar stiller høge krav til god kapasitet, sikre løysingar og stabil drift i fibernettet – investeringar som òg kan koma næringsliv, offentlege tenester og privatkundar til gode. Eit sterkare fagmiljø innan IKT og infrastruktur lokalt kan på sikt bli ein vinst som strekkjer seg langt utover sjølve datasenteret.
Prosjektet kan òg bli eit døme på grøn industri i praksis gjennom bruk av overskotsvarme i samspel med annan næring i området. Spillvarme som ressurs, ikkje avfall, er god og framtidsretta ressursbruk – men berre dersom kommunen stiller klare krav frå starten av.
Samstundes skal me ikkje bagatellisera uroa som finst knytt til natur, kraftbruk og samla belastning. Kvinnherad har allereie bidrege mykje til det nasjonale kraftsystemet, noko som både gjev oss eit ansvar og ein legitim grunn til å stilla krav. For oss er det viktig å få betre kunnskap om kva konsekvensar dette valet kan få på sikt – mellom anna om kraftbruken kan påverka annan næringsutvikling, straumprisar eller framtidige moglegheiter i kommunen. I tillegg må me ha tilstrekkelege avklaringar for å sikra oss mot spekulasjon og prosjekt som ikkje vert gjennomførte slik det er lagt fram.
Difor valde eit samrøystes formannskap å utsetja saka. Ikkje for å stoppa ho, men for å få betre svar. Me har bede om grundige vurderingar av tilgjengeleg effekt i kraftnettet på Husnes, framtidig nettkapasitet, vassbruk og kjøleløysingar. Me har òg bede om klare avtalar som sikrar kommunen gjennom tilbakekjøpsklausular og krav om teknologi som legg til rette for utnytting av overskotsvarme.
Før me fattar ei endeleg avgjerd, inviterer me òg til medlemsmøte i Senterpartiet. For oss er det heilt avgjerande å lytta til innbyggjarar – både til kritiske røyster og til dei som ser moglegheitene. Me veit at meiningane om datasenter er delte, også internt hos oss. Det tek me på alvor.
Ei utsetjing er ikkje eit nei til datasenter på Husnes. Det er eit ja til openheit, involvering og kunnskapsbaserte avgjerder. Me ønskjer utvikling – men me ønskjer at den kjem Kvinnherad til gode, både no og i framtida. Framtida byggjer me best når me både tør å gripa moglegheitene, og stilla dei vanskelege spørsmåla i tide.