Herold

Svar til Lund og Chat GPT om datasenter

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Oddbjørn Kloster Published: 2026-04-20 15:00:00
Svar til Lund og Chat GPT om datasenter

Gaute Lund meiner, i sitt innlegg, at Kvinnherad kommune kan avstå frå sal av tomt i Grøn næringspark til data-føremål. Sjølv om eg meiner han kunne skrive minst like godt sjølv, fekk han Chat GPT til å laga ei forslag til avslags-tekst. Ein stad i verda har altså eit datasenter rekna ut eit høveleg datasenter-avslag – legg eg til delvis på alvor.

Eg skulle gjerne late dette ligga, men det er noko i meg som finn det fornøyeleg med eit ordskifte der eg tilsynelatande er for data-infrastruktur og Lund er i mot. Når nei-mannen brukar KI i svara sine blir det ekstra moro.

Ja, bevares, visst kan kommunen avslå. Gud veit at kommunar kan avslå – og gjer det. At Lund, Chat GPT og mange andre er i stand til å formulera eit avslag, var eg aldri i tvil om. Det var heller ikkje mitt hovudpoeng at avslag er forbode. Mitt poeng er at avslag i denne saka er litt rart.

Kanskje kunne Lund sagt til Chat GPT, då dei møttest sist veke, at Grøn Nærigspark AS er sett til å skaffa ny næring til Kvinnherad ved å lokka til seg bedrifter som vil etablera seg, driva med allslags – og ikkje ureina. Og at ting som brukar mykje straum er særleg godt eigna i området. Så kunne han lagt ved formålsteksten til Grøn næringspark Kvinnherad som ein kan lesa på nettsida deira, som lyder, og eg siterer:

«Målet er at næringsparken skal trekka til seg berekraftig, ny industri og næringsverksemd. Næringsparken er lokalisert rett ved sida av Hydro Husnes, som er den fjerde største aluminiumsprodusenten i Noreg. Miljømedvit, kortreist kraft og industripreg er alle ingrediensar når den grøne næringsparken no er i støypeskeia på Husnes. Med kortreist kraft er det også moglegheit for ammoniakkproduksjon, batteriproduksjon, havbruk og datalagring på området.»

…og så kunne han spurd om eit avslag er i tråd med mål, visjonar og tankar for framtida i Kvinnherad.

Eg er 100% samd i at dei som ønskjer å etablera seg i denne næringsparken må få tilgang til område og energi på tydelege vilkår som tener heilskapen. Prosjekta må vegast og vurderast, det er ikkje dette eg reagerer på. Problemet var inngangen til denne debatten der mange meinte at prosjektet måtte avvisast fordi næringa var eit datasenter – og at datasenter er noko rolp.

🏷️ Extracted Entities (6)

Chat GPT (organization) Lund (entity) Kvinnherad (entity) Grøn Nærigspark AS (organization) Gaute Lund meiner, i sitt innlegg, (organization) KI (entity)