Herold

Passerer 200 millionar – markerer det med ny satsing

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-04-20 18:30:00
Passerer 200 millionar – markerer det med ny satsing

Kvinnheradstiftinga har passert 200 millionar kroner tildelte gåver. For å markera det lanserer dei no Frivilligløftet.

«Eit løft for dei som løftar andre» er tittelen på den nye satsinga til Kvinnheradstiftinga. Ei ordning som blei lansert under gåveutdelinga i Festsalen måndag kveld, og som på mange måtar er ei markering av at stiftinga no har passert over 200 millionar kroner i tildelte gåver til frivillige lag og organisasjonar.

Frivilligløftet 2026 er ei ny tidsavgrensa satsing for frivillige lag og organisasjonar i Kvinnherad. Det blir sett av to millionar kroner i ordninga, som det frivillige lagslivet kan søka om. Desse midlane kan gå til drift, løpande utgifter, vedlikehald og utstyr.

– Frivilligheita skapar aktivitet, fellesskap og tilhøyrsle i heile kommunen. Frivilligheita betyr mykje for svært mange, og med Frivilligløftet 2026 ønskjer vi å gi eit konkret løft til dei som kvar dag gjer ein innsats for andre, seier dagleg leiar Bente Lie Nilsen i ei pressemelding.

Søknadsperioden for Frivilligløftet 2026 opnar 27. april og varer til og med 26. mai.

«Etter søknadsfristen vil søknadane bli vurderte, og det vil bli gitt svar innan 14 dagar», skriv Kvinnheradstiftinga i pressemeldinga.

I tillegg til å vera eit løft for frivilligheita, er også Frivilligløftet ei markering for milepælen med 200 millionar i tildelte gåver.

– Vi er stolte over å få forvalta verdiar som har vakse fram lokalt, og som no kan førast tilbake til lokalsamfunnet gjennom nye gåver og satsingar. Frivilligløftet 2026 er eit døme på nettopp det, seier Lie Nilsen.

Bente gir seg etter fem år som leiar: – Har vore heilt fantastisk

🏷️ Extracted Entities (5)

Frivilligløftet (entity) Bente Lie Nilsen (person) Kvinnheradstiftinga (entity) Festsalen (entity) Kvinnherad (entity)