Herold

Kjem med viktig bodskap: – Dette må du gjera i ein slik situasjon

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sverre Jervell Published: 2026-04-19 22:05:00
Kjem med viktig bodskap: – Dette må du gjera i ein slik situasjon

Voss brannvern har over 30 bilvegtunnelar i sitt dekningsområde. Brenn det i ein av desse, kan du med eitt enkelt grep gjera situasjonen tryggare for alle.

Førre veke viste det lokale brannvesenet og Statens vegvesen fram ein av to nye tankbilar som er komne på plass i distriktet.

Vegvesenet har i realiteten betalt for begge med eit tilskot på fem millionar kroner, medan Voss herad sjølv slepp unna med 500.000.

Likevel var det enkelt for avdelingsdirektør Svenn Egil Finden og den statlege vegaktøren å forsvara investeringa.

Det hevar tryggleiken og beredskapen særleg knytt til tunnelbrannar, som kan få fatale konsekvensar.

– Det vil skje

Ifylgje Finden har førebels ingen omkome direkte i tunnelbrannar. Trafikkulukker inne i tunnelar dukkar stadig opp, og folk har omkome som fylgje av at dei ikkje kom seg ut av ein brennande bil.

Svenn Egil Finden

– Men andre har ikkje omkome, enno. Og på eit eller anna tidspunkt vil det skje, for den risikoen forsvinn ikkje, seier avdelingsdirektøren alvorstyngd.

Oppgåva til Vegvesenet, i eit viktig samspel med brannmannskapa, er å redusera denne risikoen og vera førebudde når ein tunnelbrann skulle oppstå.

– Sløkking er ikkje nødvendigvis det viktigaste, det er berging som er fyrsteprioritet for oss begge. Og det gjer ein mellom anna ved å få ut informasjon til publikum, seier Finden.

30 tunnelar

Vaktdistriktet til Voss brannvern dekkjer eit stort område som anten omfattar eller går innom kommunane Voss, Aurland, Ulvik, Eidfjord og Vaksdal.

Varabrannsjef Geir Ove Pedersen opplyser at dei har rundt 30 bilvegtunnelar i sitt nedslagsfelt. Dei fleste er 500 meter eller lengre, og ein handfull strekkjer seg over ein kilometer i lengde.

– Korkje brannbilar eller tankbilar ser kommunegrensene. Me angrip jo alltid tunnelar frå to sider, og då flyttar me ressursane der det er behov for dei, seier Pedersen.

Brannvernet har også ansvar for fleire jernbanetunnelar, og i fjor sommar måtte dei mellom anna rykkja ut til brann i eit tunneloverbygg på Mjølfjell.

Peiker på farar

Utrykkingsleiar Bjørn Dolve forklarar at brannar i tunnelar er veldig spesielle.

– Det vert forferdeleg varmt, og så har me eigentleg ikkje lyst til å bruka vatn. Då er det inn og kontrollera, få ut folk og lata det brenna, forklarar han.

Både brannvernet og Vegvesenet peiker på faren ved å til dømes dra ut utbrente bussar eller bilar for tidleg, før ein har reinska og kontrollert at det ikkje er lause massar som kan detta ned frå tak eller vegger i kjølvatnet av ein brann.

– Det er for jævlig om nokon skal omkoma fordi det datt ein stein på dei, etter at det eigentleg gjekk bra, seier Ole Myklebostad, som er sikkerheitskontrollør for tunnelar i Statens vegvesen.

På Voss er mannskapa bevisste på å sjølv koma seg ut etter å ha sørgd for at ingen er att inne i tunnelen i ein brannsituasjon. Det gjorde dei mellom anna i samband med den alvorlege bussbrannen i Gudvangatunnelen i 2015.

– Kom deg ut

Kenneth Lyngsgård er praktisk tunnelforvaltar i Statens vegvesen. Han meiner det er viktig at folk veit kva utstyr som finst i tunnelane, og kva ein skal gjera om ein kjem over ei hending her.

– Det fyrste du skal tenkja, er å koma deg ut. Evakuera tunnelen og ta med dei som ikkje kjem seg ut sjølv, om du har moglegheita til det.

Om det oppstår brann, oppmodar Lyngsgård til å eventuelt prøva å få sløkt denne, før ein evakuerer.

Oppmodar om å gjera dette

Det aller viktigaste ein kan gjera, er å raskt ta i anten brannsløkkingsapparatet eller naudtelefonen som er plassert i skap med jamne mellomrom i tunnelen.

– Då går det nemleg ei varsling til Vegtrafikksentralen, og då veit dei akkurat kor i tunnelen du er. Ringjer du frå mobilen din, så veit dei ikkje det, seier Svenn Egil Finden.

Om du har det travelt, treng ein faktisk ikkje ta av røret eingong, presiserer Lyngsgård.

– Opnar du døra og tek ut brannlukkaren, så vert tunnelen stengd, du slepp å få fleire bilar inn i tunnelen og Vegtrafikksentralen veit nøyaktig kvar du er, seier han.

Respekt for blinkande stoppsignal

Tunnelforvaltaren veit godt kva han snakkar om – han les nemleg gjennom loggen etter kvar gong det er hendingar i tunnelar. Han opplever at bilistar ringjer med eigen telefon til politiet, samstundes som at dei ikkje heilt veit kvar dei er.

Enden på visa kan då verta at politiet sender varsel om feil tunnel, og at fleire køyretøy kjem inn i tunnelen der ein farleg situasjon har oppstått. Faren for fylgjeulukker aukar.

– Så er det dette med å respektera «raudblinken», og at bommen er nede, seier Ove Edgar Amundsen, som er brannvernleiar for tunnelar i Statens vegvesen.

Han er også tydeleg på at ein bør koma seg ut av tunnelen ved ei brannhending, og ikkje stoppa opp for å til dømes filma.

Dramatiske brannar gav god erfaring

Brannvernet på Voss, som har eit gjennomgåande røynd mannskap, har opp gjennom åra fått erfaring med fleire dramatiske brannar i tunnelar.

Både i 2013, 2015 og 2019 brann det i anten eit vogntog eller buss i den over elleve kilometer lange Gudvangatunnelen.

– Dei merkar seg ut i forhold til omfang og potensial. Det var jo reelle hendingar, med større brannar og stor røykutvikling, seier varabrannsjef Geir Ove Pedersen.

Brannsjef David Skjerven fortel at handteringa deira vart betre for kvar av hendingane i E16-tunnelen.

– Den fyrste brannen var heilt ny for oss. Andre gongen gjekk det mykje betre, og tredje gongen var perfekt. Så det har med erfaring å gjera, seier han.

Yrkessjåfør ordna opp

Både Vegvesenet og brannvernet er opptekne av at folk flest er opplyste om kva dei skal og ikkje skal gjera om dei skulle koma ut for ei alvorleg hending.

Yrkessjåførane er ofte kunnskapsrike og godt vande om uhellet skulle vera ute.

Tidlegare i vår handterte Voss brannvern ein situasjon i Vangstunnelen, der eit vogntog lasta med oksygen tok fyr.

– Der var det ein kald og roleg sjåfør som handterte det og sløkte sjølv. Han stoppa, tok ut eit brannsløkkingsapparat og fekk stengt tunnelen. Hadde han ikkje vore så kald som han var, kunne me fått ein skikkeleg «case» der, seier Bjørn Dolve.

Kraftig brann i natt: – Ti personar er evakuerte, fleire er sende til sjukehus

🏷️ Extracted Entities (19)

Svenn Egil Finden (person) Voss (entity) Statens (entity) Geir Ove Pedersen (person) Kenneth Lyngsgård (person) Vegvesenet (entity) Bjørn Dolve (person) Gudvangatunnelen (entity) Vegtrafikksentralen (entity) Aurland (place) Brannsjef David Skjerven (person) E16 (entity) Eidfjord (place) Mjølfjell (entity) Ole Myklebostad (person) Ove Edgar Amundsen (person) Ulvik (place) Vaksdal (place) Vangstunnelen (entity)