Varslar buss for tog i helga
Plus
I helga som kjem skal det vera arbeid på Bergensbanen mellom Bergen og Hønefoss.
Det melder Bane Nor i ei pressemelding.
– Vy køyrer buss for tog mellom Bergen og Oslo S medan arbeidet held på. I vest vert det ein litt lengre periode med stengd bane, til førebuingar og etterarbeid.
Jernbanen mellom Bergen og Hønefoss vert heilt stengd frå natt til laurdag 25. april klokka 02 til måndag 27. april klokka 03.
Før helga vert det arbeid på dagtid fredag 24. april mellom Bergen og Voss frå klokka 09.20 til 13.45.
Etter helga vert det framleis stengt mellom Arna og Dale fram til natt til tysdag 28. april klokka 04.
Under arbeidshelga nyttar dei høve til ulike typar nødvendig vedlikehald i sporet langs heile banen.
– Elles skal Ustaoset stasjon få eit flunkande nytt og kraftigare kontaktleidningsanlegg desse dagane, opplyser Ingvild Eikeland, kommunikasjonsrådgjevar.
🔗 Related Articles (2)
View Graph