Tiltaksplan utan verdi
Plus
Den vanskelege situasjonen for villreinen er nettopp eit resultat av total mislykka lokal forvaltning.
Tiltaksplanen for villreinen pÄ Hardangervidda lar venta pÄ seg. Det er eit dÄrleg teikn. Mykje tydar dÄ pÄ at departementet arbeidar med unntak og dispensasjonar for visse brukarar av vidda, td slike som turistar og private. Viss det vert slik at nokon skal fÄ spesialhandsaming i hÞve til andre, vil planen vera utan verdi, og dÄ spesielt for reinsdyra. Her er det viktig at alle er med pÄ dugnaden.
Slik situasjonen er i dag vert villreinen pÄ Hardangervidda systematisk plaga og forstyrra sommar som vinter. Til no har bÄde lokale og sentrale myndigheiter gjort lite eller ingen ting for Ä bÞta pÄ dette. Spesielt har lokale kommunestyre og fjellstyre synt ei utruleg passiv haldning. Berre i passande hÞve stÄr dei brÄtt fram som verdsmeistrar og kjem med ekspertuttalelsar utan rot og fot. At dei no iflg. statssekretÊren i miljÞdepartementet skal fÄ endÄ meir mynde i hÞve forvaltning av villrein og vidde, teiknar ikkje godt. Den vanskelege situasjonen for villreinen er nettopp eit resultat av total mislykka lokal forvaltning.
Skal situasjonen for villreinen pÄ Hardangervidda verta tydleg betre mÄ fÞlgande tiltak vektleggjast:
Totalt ferdselsforbod i nasjonalparken frÄ helga etter pÄske og fram til fiskesesongen startar 1. august. Ingen har noko pÄ vidda Ä gjera i denne perioden
Nedlegging av turistaksen Haukeliseter â Hedlevass â Hadlaskar. Fysisk fjerning av turisthyttene og tomtene slettast til
Jaktforbod i minst 5 Är. Jakta er ein ekstremt stressande periode for villreinen
Kontrollert innfÞring av rovdyr, dvs. jerv. Jerven er ein heilt naturleg predator der det er villrein, og plukkar effektivt ut gamle, sjuke og sÄra dyr.
Kraftig reduksjon av sau i nasjonalparken. Sau og rein kjempar om same matfatet, og det er villreinen som er det naturlege dyret pÄ Vidda.
Slutt med kunstig gjeting av villreinen, jf. det som skjer pÄ Haukeli og Nord-Hardangervidda. Cowboyane i SNO kan tildelast andre og meir viktige oppgÄver
Oppretting av eit nasjonalparkstyre slik det er i alle andre nasjonalparkar i Noreg
Kraftig reduksjon i motorisert ferdsel bÄde i lufta og pÄ bakken
Viss det no syner seg at tiltaksplanen munnar ut i eit lappverk av dispensasjonar og unntak for kreti og pleti, bÞr villreinstamma skytast ut slik det vart gjort i Nordfjella for ni Är sidan. Dyreplageriet av villreinen mÄ ta slutt og frykta for fleire CWD- tilfelle er dermed over. Overordna styresmakter mÄ visa kor skapet skal stÄ, og endeleg innsjÄ at denne gongen er det villreinen som skal prioriterast og ikkje ein overdriven turisttrafikk.