Føreslår store endringar: Slik kan det råka lokale politikontor
Plus
Det ligg an til samanslåing av Voss, Kvam, Samnanger og Tysnes og nedlegging av Vaksdal-kontoret.
Politimeister Ane Kvaal i Vest politidistrikt legg, etter samrøystes råd frå leiargruppa, mellom anna fram forslaga:
- Slå saman Voss politistasjon med Kvam, Samnanger og Tysnes, der hovudsete er på Voss.
- Hardanger vert slått saman med Kvinnherad, der hovudsete er i Odda.
- Å leggja ned politikontora: Aurland, Årdal, Vaksdal og Osterøy.
- Vik politistasjon vert overført frå Sogn til Voss politistasjonsdistrikt.
– Endringane me no føreslår skal setta oss betre i stand til å møta eit samfunn i rask endring, seier politimeister Ane Kvaal i ei pressemelding måndag ettermiddag.
Kan bli store endringar
– Innbyggjarane er truga av meir alvorleg og organisert kriminalitet, oftare i digitale kanalar og i ei stadig meir usikker omverd. Riksrevisjonen sine undersøkingar viser at både politiet og PST har fått vesentleg meir komplekse og ressurskrevjande oppgåver. Dette krev eit sterkare og meir robust politi, seier Kvaal.
Gjennom utviklingsprosjektet Framdrift Vest har Vest politidistrikt over tid arbeidd med å møta desse utfordringane.
No har politimeisteren si leiargruppa handsama fyrste del av oppdraget – organiseringa i dei geografiske driftseiningane (GDE).
Leiargruppa innstiller no på endringar både i organisasjon og politistasjonar.
– Me treng større fagmiljø og betre samhandling for å løysa oppgåvene våre. Me må prioritera ressursane der behovet er størst, samstundes som me skal ivareta beredskapen og sørga for tryggleik og tilgjengelegheit i heile distriktet. Dette ligg til grunn når me no har sett på dei geografiske driftseiningane, seier Kvaal.
Kort oppsummert innstiller leiargruppa på:
- Å slå saman fleire politistasjonsdistrikt - frå 14 til 9.
- Å endra innretninga på politistasjonar. Nokre stader er føreslått omgjort til mindre, såkalla tilpassa politistasjonar medan andre er anbefalt fasa ut.
- Å halda på dei tre geografiske driftseiningane inntil vidare.
Utvikla lokalt tilpassa polititenester- og stasjonar
Leiargruppa føreslår samstundes å endra innretninga på ein del politistasjonar.
Nokre blir omgjort til mindre, tilpassa politistasjonar og nokre tek dei sikte på å fasa ut.
Dette legg til rette for det andre grepet; Å utvikla og tilpassa polititenestene lokalt, ifylgje Kvaal.
– Endringane me føreslår har berre eit mål - å gjera innbyggjarane tryggare. Me veit at mange knyt tryggleik til at det er ein politistasjon i bygda. Det er forståeleg, men det er ikkje politistasjonen som skapar tryggleik – det er politipersonellet og tenestene me leverer. Difor vil me bruka mindre pengar på bygg, og meir på folk. Nokre stasjonar er føreslått fasa ut. Samstundes føreslår me å innføra mindre, tilpassa politistasjonar utan dyre sikringstiltak og utstyr, seier Kvaal.
Viser vidare
Forslaga blir sendt på høyring til kommunane i mai. Politidistriktet legg også opp til dialog og møte med kommunar og innbyggjarar.
Hordaland har vore i kontakt med politistasjonssjef på Voss, Håvard Skattum. Han viser vidare til politimeisteren, i denne omgang.
Denne typen kriminalitet tykkjer politiet er utfordrande å løysa
Manglar framleis ressursar til politikontoret på Dale
🔗 Related Articles (1)
View Graph