Trygg og verdig alderdom
Plus
Resolusjon frå Landsmøtet 2025, Norges Kvinne - og familieforbund ved forbundsleiar Julie Hvidsten Helgesen:
«Norges Kvinne og Familieforbund ber politikarane, regjering og storting sørga for at:
Staten skal bevilga nok øyremerkte midlar til kommunane, slik at dei kan gjennomføra eldreomsorga i henhold til intensjonane i «Forskrift om ei verdig eldreomsorg»
Når pårørande er støttepersoner, må desse også takast vare på.
Trygg og verdig alderdom er å gje dei eldre ein verdig og meiningsfylt livsfase med god livskvalitet gjennom bolig, gode helse- og omsorgstenester og auka sosial deltaking.
Helse- og omsorgstenesta står overfor store utfordringar, med samfunns- og befolkningsutvikling og mangel på helsepersonell.
I dag har kommunane hovudansvaret for eldreomsorga i Norge, utan at Staten bevilgar nok midlar til å ivareta behova. For å sikra god alderdom må stat og kommune samarbeida om eit godt, eldrevenleg samfunn!»
PwC-rapporten – ein trussel mot ei forsvarleg eldreomsorg?
Eldreopprøret Voss 2026 – kvifor?
Forventningar til eldreomsorg Eldreopprørarane på Voss krev 10 milliardar: – Me har enorm oppslutning