Herold

No må Sawab og Hameed i retten igjen. – Me er litt nervøse

Plus
Kilde: Hordaland Author: Ørjan Brattetveit Published: 2026-04-20 14:32:36
No må Sawab og Hameed i retten igjen. – Me er litt nervøse

Kampen for å få bli i landet held fram for Sawab (25) og Hameed (20). No ventar tre dagar i lagmannsretten.

I april i fjor vann brørne saka om å få bli i landet. Saka gjekk då for Oslo tingrett. Utlendingsnemnda (UNE) anka, og denne veka møter partane i Borgarting lagmannsrett i Oslo.

– Me er litt nervøse, men me trur likevel dette skal gå vår veg, seier Sawab Khan Oryakhel medan han og broren er på veg til Flesland flyplass.

Tysdag startar rettssaka i lagmannsretten.

– Er det nokon som er i Oslo og vil støtta oss, er me glade for om dei kjem til retten.

Har flytta til Bergen

Etter at Utlendingsnemnda anka saka, stoppa kvardagen litt opp for brørne.

– Me hadde mange planar, men med anken kom uvissa, seier Sawab.

No leiger brørne husvære i Fyllingsdalen i Bergen. Hameed tek utdanning, medan Sawab jobbar som bygningsarbeidar for eit firma i byen mellom dei sju fjell.

– Planen min er å utdanna meg til bygningsingeniør, seier Sawab.

Dette er saka

Stor støtte på Voss

Hausten 2024 skreiv Hordaland om Sawab for fyste gong. Lokalavisa møtte han då saman med kollegaer på byggjeplassen der Lindstad Bygg AS gjorde gamle Vatle skule om til bustader. Veka etter måtte han ut av landet.

– Eg veit ikkje kva eg skal gjera, eller kvar eg skal reisa, sa han den gongen.

Etter avisartikkelen fekk han stor støtte på Voss, og han bestemte seg for å kjempa for å få bli i landet.

Reidun Eldegard har heile tida vore ein god støttespelar for Sawab og Hameed. Ho er med til Oslo.

– Eg håpar lagmannsretten forstår at det faktisk ikkje er trygt for dei å bli sende til Afghanistan. Dei må få bli i Noreg og det samfunnet dei har vore ein del av dei siste elleve og sju åra. Eg unner dei så inderleg å bli ferdige med denne saka, og at dei skal få leva vanlege liv, utan uvisse og med ei framtid, seier Eldegard.

Saka i Borgarting lagmannsrett går over tre dagar. Felix Olivier Helle er brørne sin advokat i lagmannsretten, som i tingretten i fjor. John Runar Pedersen er UNE sin advokat.

Dette er partane usamde om

Denne veka tek Sawab (23) fagbrev. Neste veke må han ut av landet

🏷️ Extracted Entities (16)

Sawab Khan Oryakhel (person) Hameed (entity) Oslo (place) Utlendingsnemnda UNE (organization) Bergen (entity) Borgarting (entity) Reidun Eldegard (person) Voss (entity) Afghanistan (entity) Felix Olivier Helle (person) Flesland (place) Fyllingsdalen (entity) John Runar Pedersen (person) Lindstad Bygg AS (organization) Noreg (entity) Vatle (entity)