Herold

Eit var for breitt, eit var for langt og to var for tunge

Plus
Kilde: HF Author: Gro Heidi Åsen Published: 2026-04-20 11:23:00
Eit var for breitt, eit var for langt og to var for tunge

Statens vegvesen avdekka ei rekkje brot på reglar for tunge køyretøy under ein ny storkontroll på Seljestad kontrollstasjon i veka som gjekk.

Kontrollen føregjekk i perioden 13. til 18. april 2026, og førte til mellom anna bruksforbod, vektgebyr og fleire politimeldingar.

– Ved å halda igjen tunge køyretøy som har sikra lasta dårleg eller har for tung last, gjer vi det vi kan for å gjera vegen tryggare for alle, seier Svein Gunnar Vintertun i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Målet med desse kontrollane er å sikra utkvilte sjåførar, forsvarleg sikra last og teknisk trygge køyretøy. Fokus ligg på alt frå overlast og lastesikring til bremser, dekk, lys, sikt og avrenning frå fisketransport, men tiltaka bidreg også til å hindra sosial dumping og sikra like konkurransevilkår, opplyser vegvesenet.

Fleire reaksjonar gjennom veka

Måndag 13. april fekk eit vogntog bruksforbod for dei det var for breitt. Ein sjåfør vil bli meld for brot på køyre- og kviletidsreglane og eit køyretøy fekk kontrollsetel for tekniske manglar.

Torsdag 16. april fekk to køyretøy vektgebyr for overlast (kroner 2700,- og 3200,-), og måtte lasta av til tillaten vekt før dei fekk køyra vidare. Eit firma fekk òg 8000,- i gebyr for manglande bombrikke.

Fredag 17. april blei det funne avvik det ifølge Vegvesenet var grunnlag for å melda eit firma til politiet. Det gjaldt brot på køyre- og kviletidsreglane og ein ikkje-fungerande fartsskrivar. Dette er forhold som òg blir rapportert til føretakskontroll, blir det opplyst.

To firma fekk vidare kr 8000,- kvar i gebyr for manglande bombrikke. I tillegg fekk to køyretøy bruksforbod for tekniske manglar, og eitt var for langt.

Den siste kontrolldagen var det lite trafikk og ikkje gitt nokon reaksjonar.

Samla resultat

Totalt 240 tunge køyretøy vart kontrollerte, og resultatet var:

  • Éi politimelding
  • To overlastgebyr
  • To sende rapportar
  • Seks bruksforbod
  • Eitt køyretøy med skriftlege manglar
  • Tre andre gebyr

Statens vegvesen minner elles om viktigheita av å sikra lasta forsvarleg. I desse dekkskift-tider strekar dei også under at føret trumfar dato for dekkskift. Kjettingar skal vera med ved forventa snø/is – uavhengig av årstid, og frå første søndag etter 2. påskedag skal mønsterdjupna på dekka vera minimum 1,6 millimeter.

Ti bruksforbod etter storkontroll på Seljestad

Kontroll over fleire dagar: Mangla sikring på stein-last

Vogntog stoppa med kjempeoverlast – transportføretak fekk nær 30.000 i bot

🏷️ Extracted Entities (4)

Seljestad (place) Statens (entity) Svein Gunnar Vintertun (person) Vegvesenet (entity)