Fødselstala held fram med å auke – 1363 fleire fødslar i fjor enn i 2024
Plus
Det vart fødd 1363 fleire barn i fjor enn i 2024, viser tal frå Medisinsk fødselsregister. Det er ein auke på 2,5 prosent.
Det er størst auke i Helse nord og Helse sør-aust, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) på nettsidene sine.
– Talet på fødde auka i fjor og det synest eg er hyggeleg. For å gjere det enklare å få barn, er det viktig med trygg økonomi og gode moglegheiter til å kombinere arbeid og familieliv, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) i ein kommentar til tala.
Ho viser til at auka barnetrygd, lågare prisar i barnehagane og gratis kjernetid i SFO bidreg til at fleire familiar får større fridom til å få dei barna dei ønskjer seg.
Flest blir fødde på sjukehus
Det vart registrert 21 fødslar der kvinnene valde å føde heime utan helsepersonell til stades, såkalla uassisterte heimefødslar. Andelen barn som døyr før eller under fødsel, eller i første levemånad, held fram med å søkke, ifølgje FHI.
I alt 331 barn vart fødde uplanlagt utanfor sjukehus i 2025. Dette er barn som kjem til verda heime, på veg til sjukehuset, på flyplassen, eller på busstoppet. Dette er på linje med tidlegare år.
– Dei siste åra har det ikkje vore ein auke i andelen fødslar som skjer uplanlagt utanfor sjukehus, sjølv om reisevegen for nokre fødande har vorte lengre grunna færre fødeinstitusjonar, skriv FHI.
Auka fertilitet
I 2025 vart det fødd 55.836 barn i Noreg. Gjennomsnittsalderen for førstegongsfødande var på 30,5 år, svakt opp frå tidlegare år, viser oversikta frå FHI.
Fertilitetsraten er blant kvinner i Noreg er likevel på veg opp etter at han lenge har vore svært låg, samanlikna med 1970-talet då det vart fødd 75,9 barn per 1000 kvinner mellom 15 og 49 år. I 2023 var det tilsvarande talet berre 42,1 barn.
– Dei siste to åra har det vore ein auke både i talet på fødslar og i fertilitetsraten. I 2025 vart det fødd 44,1 barn per 1000 kvinner i fertil alder, skriv FHI.