– Overveldande å sjå kva dei fekk til på så kort tid
Plus
Tysdag sette ni damer seg på lasteruta til Svanøy. Der bretta dei opp ermene og gjekk i gang med å få skikk på den store hagen på hovedgården.
«Det er nesten litt overveldande å sjå kva dei har fått til på så kort tid» skreiv Synnøve Fluge på Facebook.
Naudhjelp til rosene
Den daglege leiaren på hovedgården let seg imponere over innsatsen til parkdamene, som kom som ein virvelvind, utstyrte med trillebårer, hagesaksar og spadar og ruska opp i bed og busker. Det var styreleiar Ola Teigen tok kontakt og tilbaud kost og losji i byte for arbeidsinnsats.
– Dette har vore ein prydhage i fordums tid, og vi har gått og tenkt at den fortener eit løft, seier Fluge.
I forkant hadde dei «ein intens, hagefagleg diskusjon» som kva som var det beste tidspunktet å gjere dette på. Men no måtte rosene klyppast, og dermed kom gjengen med lasteruta, sjølv lasta med arbeidsklede, hagesakser, godt humør og pågangsmot.
– Å sjå dei ni damene i gang på dette flotte anlegget var både rørande og imponerande. Sjølv om eg prøvde å varte dei opp så godt eg kunne med både mat og kaffi, så var det sånn arbeidsvilje at dei jobba i timesvis. Dei fekk gjort så mykje på to dagar, smiler Fluge, og held fram:
– Ei av damene sa at «dette er vårt spa. For oss er ikkje dette hardt arbeid, det er glede og velvære.» Eg sit og ser ut vindauget no, og det er blitt så fint. Dette var eit kjempeløft!
Hageplan frå 1943
Men ein treng berre litt erfaring med hage for å vite at det ikkje nyttar å ta eit skippertak i april og tenke at jobben er gjort.
– Vi veit vi jo at dette må haldast ved like og jobbast kontinuerleg med. Og det høyrdest ikkje umogleg ut å lokke dei ut igjen her, så vi håpar dette freistar til gjentaking! seier ho håpefullt.
Som med alt anna er det også eit økonomisk spørsmål.
– Både dei og vi er avhengige av å få finansiert dette, så vi har søkt Sparebanken Norge om støtte til hagen.
Ein hageplan frå 1943 skal danne utgangspunkt når dei prøver å tilbakestille hagen til det den har vore.
– Vi vil også lage ein ny hagegang, der vi opnar ein gammal sti som går på nedsida av huset mot hovudinngangen mot nord.
I tillegg drøymer Fluge om ein kjøkkenhage med urter til eige bruk.
– Vi har eigentleg uendeleg med både ønskje og moglegheiter - det er tid, kapasitet og pengar det står på. Men er det noko vi er vane med i denne type verksemd, er det at vi må kjempe for kvar krone, legg ho tørt til.
Også folk på øya har vore involverte - no som før.
– Rannveig Solheim har vore rådgjevar, for ho har tidlegare hatt hand om hagen. Denne plassen tilhøyrer jo alle, og mange har eit forhold til den. Vi som får vere ein del av historia må sørge for å ta vare på det arbeidet andre har lagt ned.
– Lett å seie ja
– Svanøy hovedgård er ein attraksjon, og vi ein gjeng med like interesser, så det var lett å seie ja, slår Iris Aalen frå dugnadsgruppa fast.
– Og så lokka dei jo med kost og losji, og mange av oss hadde ikkje vore inne i hovudhuset før. Så var det veldig kjekt å helse på Synnøve. Dei har vore heldige med henne, smiler Aalen.
Dei fekk utlevert eit kart der det var merka av ulike område som trengde førstehjelp.
– To av oss var også ute på førehand og snakka med Rannveig. Ho har god peilling på kva som er der, men som framleis ikkje synleg så tidleg på året. Så ho var ei god hjelp - vi klypte som ho sa.
Dei har fylt på jord, gjødsla og raka.
– Og så har vi rydda i beda i borggården. Der var mykje slyngplantar som gjekk opp under kledninga på huset, og det er ikkje så heldig.
Det vart to dagar med mykje arbeid og mykje moro.
– Fleire av oss kan nok tenke seg å reise ut igjen og hjelpe til.
Ho strekar under at det ikkje kjem nokon forpliktingar med å engasjere seg i gruppa deira.
– Når vi har ting som skal gjerast, så kjem dei som kan. Men dette ville alle vere med på!