Herold

Endeleg spelar kroppen på lag: No blir bidraget hans omtalt som «livsviktig»

Plus
Kilde: NH Author: Kasper Valestrand Published: 2026-04-19 16:58:59
Endeleg spelar kroppen på lag: No blir bidraget hans omtalt som «livsviktig»

Trøyttleiksbrotet sette han på sidelinja i lang tid, men endeleg kjenner Oddbjørn Ones Dale at han snart er 100 prosent. For eit lag som lenge har stolt på duoen Gaustad og Snekkevik framfor mål er nyheita perfekt.

Allereie etter to kampar av årets sesong har Ones Dale like mange målpoeng som heile haustsesongen han hadde for NBK i fjor.

– Då blei det berre to målpoeng, men no gjennom forsesongen og dei to første kampane av sesongen har det gått mykje betre.

Avisa snakkar med den offensive midtbanespelaren like etter heimbanesigeren 3-1 over Os 2 på kunstgraset i Knarvik søndag ettermiddag. Sjølv sette han inn 2–0 med eit skot frå like utanfor sekstenmeteren.

Målet fekk NH sin lokalfotballekspert David Flatøy til å ta i bruk store ord.

– Det er livsviktig at det er spelarar på laget som samlar målpoeng. Det er gunstig all den tid ein har vore så avhengige av Andreas Bøe Snekkevik og Tommy Gaustad framfor mål.

Endeleg fungerer han

Ones Dale er einig i analysen til Flatøy. Samstundes er spelaren med fortid i Kvernbit og Åsane klar på at målpoenga ikkje har komme av seg sjølv.

Kroppen til den unge og lovande spelaren har ikkje alltid spelt på lag.

– Eg hadde eit trøyttleiksbrot i ryggen som sette meg på sidelinja i nærmare to år. Men no har eg halde meg oppegåande i eit år i strekk, så no begynner forma mi å komme tilbake.

Til NBK kom han i fjor sommar frå Åsane. Lokalfotballekspert Flatøy meiner NBK har nytte av å hente lokale spelarar som har prøvd seg utanfor Nordhordland.

– At ein hentar folk med erfaring har ekstremt mykje å seie. Ein lærar mykje fotball av å gå «Åsane-skulen». Spesielt dette med ballbehandling. I dag viste Oddbjørn kva han lærte der.

Jamn start på kampen

Det var eit stort sakn i mannskapet NBK mønstra på kunstgraset i kampen i 4. divisjon. Superspiss Andreas Bøe Snekkevik blei far laurdag, og hadde av naturlege grunnar fått gyldig fråvær av hovudtrenar Espen Kjenes.

Kampen mellom NBK og Os 2 var jamspelt den første delen av omgangen. Ingen av laga hadde eit klart overtak.

Lokalfotballekspert Flatøy var ikkje heilt fornøgd med dei 20 første minutta. Helst hadde han sett at NBK var meir styrande.

– Det er dei som bør styre kampane når dei spelar her i Knarvik.

Like etter brente Tommy Gaustad ein gedigen sjanse for heimelaget. Han sleiva rett og slett på ballen like framfor mål.

– Nei og nei, var dei tunge orda frå Flatøy.

– Det er instinktet hans

Heldigvis tok det ikkje lang tid før Gaustad retta opp i missen sin. Nesten på same stad som han bomma innanfor sekstenmeteren, sette han ballen rett i mål.

– Det var viktig at den kom så kjapt. Då slapp han å tenke på den missen så lenge, slo Flatøy fast.

Analysen hans av bommen og målet er denne:

– På den første sjansen fekk Tommy nesten for god tid til å tenke. På den andre var det målinstinktet hans som slo til.

– Blir enkel pauseprat

Utover omgangen begynte regnet å falle i Knarvik, men det var det få andre enn spelarane som beit seg merke i.

Nytt av sesongen er at NBK har fått sett opp tak over tribuneanlegget på kunstgrasbana. Det gjorde at publikum sat tørre heile kampen.

2–0 til NBK kom etter eit hjørnespark etter kring 40 minutt. Offensiv midtbanespelar Oddbjørn Ones Dale fekk tak i ballen og sette den i mål.

– Keepertabbe, var dommen frå Flatøy.

Stillinga i kampen stod seg 2–0 til pause.

– Os 2 klarar ikkje å bryte ned det kompakte forsvaret til NBK. Det gjer at heimelaget får nokre gunstige brot, og kan sette inn det første målet sitt. Her får trenar Espen Kjenes ein enkel pauseprat. Det er berre for han å seie «Fortsett med det de driv med», var Flatøy si oppsummeringa av dei første 45 minutta.

Kom ikkje tilbake

Andre omgang starta som den første slutta. NBK hadde fått kampen i sitt spor og dominerte spelet.

Det tok ikkje mange minutt før heimelaget var frampå inne i sekstenmeteren til Os 2. Martin Arent Tjore-Espenes sette inn 3–0.

Fotballekspert Flatøy var nøgd med det han såg frå det beste laget i Nordhordland.

– NBK har mange spelarar inne i sekstenmeteren. På ishockeyspråket heiter det å «Skape trafikk framfor mål». Når ballen fell ned i feltet er det stor sjanse for at den fell framfor beina til ein NBK-spelar.

Etter å ha gått opp i leiinga med tre mål la heimelaget seg bakpå. Os 2 pressa på mot NBK sitt mål, men utanom eit trøystemål mot slutten av kampen klarte dei ikkje å rokke ved det sterke mannskapet frå Nordhordland.

Ser framover

Etter kampen er Oddbjørn Ones Dale klar på at sjølv om dei vann matchen, har NBK meir å gå på formmessig.

– Det eg håpar til neste kamp er at vi blir meir tolmodige, samstundes som at vi blir modigare når vi har ballen. Fleire av ballane burde gått meir i lengderetninga.

Lokalfotballekspert Flatøy er einig i analysen.

– NBK får mykje rom når Os 2 går i angrep, men det klarar ein ikkje alltid å fylle.

Den siste tida har 4. divisjonslaget frå Knarvik hatt mange spelarar på trening. Flatøy meiner det er positivt at mange kjempar om plassane på laget.

– Samstundes er det ei vanskeleg oppgåve å gi alle speletid og halde dei fornøgde. Heldigvis leiar ein 3–0 tidleg i dag, og det gjer at laget kan gjere ein del byter. Det held spelarane nøgde.

Smartembed for https://livecenter.nifs.no/module/table/1/701155/?hideSearch=1&theme=light&height=800

🏷️ Extracted Entities (13)

David Flatøy (person) NBK (entity) Oddbjørn Ones Dale (person) Tommy Gaustad (person) Knarvik (place) O (entity) Andreas Bøe Snekkevik (person) Nordhordland (place) Espen Kjenes (person) Åsane (entity) Kvernbit (entity) Martin Arent Tjore-Espene (organization) Åsane\-skulen (entity)