Jenny og Sara tør å berre «bable» i veg: Her tar dei testen på ståande fot
Plus
Jenny og Sara hadde kvar sin inngang til korleis dei løyste engelskkoden. Dei meiner unge som gamle ikkje bør vere redde for berre å «bable i veg».
– No fann de alle feila, og eg håpar dykk gjer det same om de får dette på eksamen.
Språklærar Alexa Cöln ved Lindås ungdomsskule smiler lurt. Ho har nett gitt Jenny Sylta (14) og Sara Hopland Natås (14) ein liten engelskprøve, og den har dei bestått med glans.
Elevane såg språkfella som Cöln la ut for dei i dei to setningane ho skreiv på krittavla i klasserommet:
«Jenny and me goes to the park»og «All the things you learns is important».
Ser du feila jentene såg? Kva som er riktig får du i fasiten nede i teksten.
Sjølv om Jenny og Sara i dag har god kontroll på språket og nyleg viste fram kunnskapen sin på nasjonalt nivå, har dei som alle andre starta ein plass. Språkforståinga kom ikkje av seg sjølv, fortel dei.
Starta som toåring
– Eg vil seie spesielt at når du snakkar med nokon, så er det viktig å tore å prøve.
Jenny har aldri vore redd for å ta sats og snakke med folk når ho er ute på reise, som når ho er på restaurant i utlandet. Då tar ho det eit skritt lenger når ho skal gi bestillinga si enn berre å seie kva ho vil ha.
– Eg plar å spørje servitøren om kva som er det beste på menyen.
Då blir det fort ein liten samtale, i staden for berre å seie rett ut «A pizza number 24, please».
Jenny kom tidleg i kontakt med engelsk. Ho har blitt fortald at ho som toåring sat og såg barne-TV med engelsk tale.
– Så det første eg lærte var heilt enkle ting. Som å telje og orda for dei ulike fargane.
Dette er viktig å hugse
På si side starta Sara å lære engelsk då ho begynte på barneskulen, men ho var rask med å plukke opp den nye kunnskapen i klasserommet.
Då ho blei eldre, begynte ho å høyre på musikk og sjå TV-seriar og filmar.
– Og då skjønte eg språket berre betre og betre.
For å meistre språket ser 14-åringen på engelsktalande klipp på nettet. Med dette grepet utvidar ho ordforrådet sitt gradvis.
– Deretter prøvde eg å etterlikne måten dei snakke på i videoane.
Ho meiner suksessformelen for å meistre eit språk er å tore å hoppe i det. Rett og slett «bable» i veg, sjølv om kanskje ikkje alt det ein seier hundre prosent riktig reint språkleg.
Den ein snakkar med vil som regel forstå det ein prøver å seie.
– Samstundes trur eg det er viktig at ein øver på samsvarsbøying, fleirtal og slike grammatiske reglar.
Blei kasta ut i det
Språklærar Alexa Cöln peikar på at vi alle er ulike. Nokre lærar best språk ved å lytte og snakke, medan andre må ha det ein skal lære framfor seg.
– For å lære er det viktig å omgje seg med eit språk og prøve å forstå.
Cöln kom sjølv frå Tyskland til Norge, og det var her i landet ho lærte norsk.
– Det største problemet eg hadde var at norskundervisninga eg hadde var på bokmål, men då eg blei kasta ut i arbeidslivet snakka alle her ute på Lindås på stril.
Læraren skryt stort over måten Jenny og Sara jobbar for ikkje berre å meistre engelsk, men og tysk som dei begge har som valfag på ungdomsskulen.
– Eg er veldig fornøgd
Jentene har fått løn for innsatsen dei legg ned.
I starten av april representerte dei skulen under ein nasjonal språkkonkurranse. Totalt deltok 11.000 elevar. Ein handfull av dei beste kom til finalen i Kristiansand.
Sara og Jenny sikra Lindås ungdomsskule sjetteplassen i konkurransen.
– Det vi mellom anna blei testa i var å sjå ein video der ein mann snakka på engelsk om Skottland framleis skulle vere ein del av Storbritannia. Etter han var ferdig med å snakke fekk vi spørsmål om kva han hadde sagt, fortel Jenny.
Sara er stolt av at ho har knekt koden for å snakke og skrive engelsk.
– Eg er veldig fornøgd. Om eg ikkje hadde lært så mykje av språket, så hadde det blitt veldig vanskeleg i kvardagen sidan det er eit språk vi brukar veldig mykje. Her i verkelegheita og på internett.
Her er fasiten
Fann du dei same feila som Sara og Jenny fann i den vesle språkprøven på tavla?:
«Jenny and me goes to the park»og «All the things you learns is important».
Sara tar føre seg den første linja. Ho tar kritet og strekar under det ho meiner er feil.
– I den første setninga er «me» den første feilen. I ei setning som dette er riktig samsvarsbøying «Jenny and I». Den andre feilen er at det står «goes». Her må verbet vere i samsvar med det som er subjektet. Derfor blir det «go».
Jenny tar kritet for å streke under feila i den andre setninga.
– Her må ein sjå på «All the things» som er fleirtal, og då kan det ikkje vere «learns» som står etter, men «learn». Slik at det blir «All the things you learn». Og når «things» er fleirtal er den engelske fleirtalsbøyinga ikkje «is», men «are».
Snart reiser denne gjengen frå Lindås til Tyskland: Skal forske på KI