Herold

Smell for samarbeidslaget: – Avslutningane sit ikkje som dei skal

Plus
Kilde: NH Author: Arthur Kleiveland Published: 2026-04-20 07:01:30
Smell for samarbeidslaget: – Avslutningane sit ikkje som dei skal

Ingen god start for samarbeidslaget NBK/Kvernbit i sesongdebuten i 4. divisjon. Nymark drog frå Knarvik med 3–0 i bagasjen.

4. divisjon. kvinner

NBK/Kvernbit – Nymark 0–3 (0–2)

NBK/Kvernbit viste brukbare takter og hadde initiativet i den første halvtimen. Men gjestane gjorde kort prosess med to skåringar i sluttminuttane av omgangen.

Og etter kvilen plussa Nymark på til 3–0 frå straffemerket.

– Vi får til spelet vårt i 1. omgang, og skapar ein god del. Men vi klarar ikkje å omsetja sjansane, oppsummerer Anna Oline Harnes, målvakt og assistenttrenar. Ho var svært nær ved å få fingertuppane på straffa.

Lokalfotballekspert David Flatøy seier dette om kampen.

– Eit redusert Nymark-lag vinn komfortabelt. Bergenslaget er tøffare i begge 16-metrane.

Han trur Nymark nok er ein av opprykkskandidatane. Laget vann sin første kamp 7–0 mot Bergen Nord.

Har litt å gå på

Hovudtrenar Thomas Rønn-Aar har dette å seie om samarbeidslaget sin første offisielle kamp heime i Knarvik.

– Avslutningane sit ikkje som dei skal.

På den andre sida synest han Nymark fekk maksimalt betalt på sine to avslutningar på mål i 1. omgang.

Både David Flatøy og Rønn-Aar framhevar Solveig Brunborg sin innsats som spiss, særleg før pausen. NBK/Kvernbit-trenaren trekker også fram laget sin høgre back, Elina Wiik.

I treningskampane er det Susanne Leikvoll som har notert seg flest gonger på skåringslista, og ho leverte eit par gode forsøk også i opningskampen.

Mange unge i troppen

– Vi har fleire spelarar som kan finna vegen til nettmaskene, seier NBK/Kvernbit-trenaren.

Han fortel om ein god treningsleir på Karmøy, og forsikrar at det absolutt er god kjemi og harmoni i det ferske samarbeidslaget.

Rønn-Aar er også godt tilfreds med frammøtet på trening.

NBK/Kvernbit har mange unge og talentfulle spelarar i troppen. Laget starta med berre med fem seniorspelarar, resten kom frå J16 og J19-laget.

– No er det berre å bretta opp ermene til midtveke-kampen borte mot Osterøy, seier NBK/Kvernbit-trenaren.

Osterøy vann sin første kamp 3–0 borte mot Lyngbø 2.

Smartembed for https://livecenter.nifs.no/module/table/1/701206/?hideSearch=1&theme=light&height=800

🏷️ Extracted Entities (15)

Nymark (place) NBK/Kvernbit (entity) David Flatøy (person) Hovudtrenar Thomas Rønn-Aar (organization) Knarvik (place) Anna Oline Harnes (person) Bergen Nord (person) Elina Wiik (person) J16 (entity) J19 (entity) Karmøy (place) Lyngbø (entity) Osterøy (place) Solveig Brunborg (person) Susanne Leikvoll (person)