Herold

Skal studiespesialisering berre vere noko for byane?

Plus
Kilde: NH Author: Stig Solberg, tillitsvald for Lektorlaget, NITO og Tekna ved Knarvik vgs. Published: 2026-04-20 09:08:43
Skal studiespesialisering berre vere noko for byane?

Dette gÄr direkte imot skulestyresmaktene sitt eige fokus pÄ gjennomfÞring og frÄfall, skriv tillitsvald ved Knarvik vgs., Stig Solberg.

Som tillitsvald ved Knarvik vidaregÄande skule ser eg med stor uro pÄ framlegget frÄ opplÊringsdirektÞren om det framtidige skuletilbodet frÄ og med skuleÄret 2026/27.

IfĂžlgje innstillinga skal Ă©in av tre klassar pĂ„ vg2 studiespesialisering leggjast ned frĂ„ hausten 2026 – stikk i strid med behovet ved skulen og lovnadene vi har fĂ„tt. Dette skjer trass i at sĂžkinga er god, og at det er meir enn nok sĂžkjarar til Ă„ oppretthalde tre klassar.

Utviklinga vi no ser ved Knarvik vidaregÄande skule, er eit mÞnster vi kjenner att frÄ Sotra og Os. Ved begge desse skulane er det i dag berre to parallellar pÄ studiespesialisering, og no er det same i ferd med Ä skje i Knarvik. I den samanhengen er det naturleg Ä spÞrje om fylket Þnskjer ei utvikling der tilbodet pÄ studiespesialisering vert sentralisert til Bergen, medan distrikta mÄ klare seg med eit minimumstilbod.

Store konsekvensar for fagtilbodet

Nedbygginga av tilbodet pÄ Knarvik vil fÄ konsekvensar for kva vi kan tilby elevane av fagtilbud. Ein vanleg tommelfingerregel er at ein skule treng minst tre parallellar pÄ kvart trinn for Ä sikre eit breitt utval av programfag.

Med tre klassar har elevane hÞve til Ä velje dei faga dei faktisk er interesserte i, ikkje berre eit avgrensa utval. I tillegg vil ei nedbygging pÄverke fagmiljÞet, som er avgjerande for Ä utvikle faga og det profesjonelle lÊringsfellesskapet ved skulen.

Elevane vert skadelidande

For elevane betyr kuttet i talet pĂ„ klassar at gode klassemiljĂž vert splitta opp. Det fĂžrer ĂČg til at mange elevar som bur i Alver, mĂ„ reise til Bergen for Ă„ fullfĂžre utdanningslĂžpet sitt. Det er elevane med lĂ„gast karakterpoeng som no ikkje fĂ„r halde fram pĂ„ vg2 i Knarvik – nettopp dei elevane som kanskje har stĂžrst behov for Ă„ gĂ„ pĂ„ nĂŠrskulen sin.

No mÄ elevar risikere Ä reise i over ein time for Ä kome seg til ein skule i byen, der dei mÞter eit miljÞ som allereie er etablert, og der dei gjerne ikkje kjenner nokon frÄ fÞr. Dette gÄr direkte imot skulestyresmaktene sitt eige fokus pÄ gjennomfÞring og frÄfall.

Brotne lovnader

Hausten 2025 vart vi lova av hovedutvalget for opplÊring og kompetanse at vi skulle fÄ behalde tre klassar fram til 2027. Denne lovnaden vart broten allereie i fjor dÄ utvalget valde Ä leggje ned ein vg2-klasse. Vi hadde hÄpa pÄ ein betre prosess i Är, men diverre fekk vi same beskjed for Ärets vg2-kull.

Vi hÄpar at dei politiske partia i fylkestinget ser at denne endringa er unÞdvendig, og at dei lÚt oss behalde tre vg2-klassar neste Är. Eit godt tilbod pÄ studiespesialisering bÞr ikkje berre vere eit byfenomen.

Ved Knarvik vidaregÄande skule har vi elevgrunnlaget som skal til for Ä oppretthalde eit likeverdig tilbod. Dersom sÞkinga ikkje gir grunnlag for tre klassar frÄ 2027, kan vi forstÄ at ein klasse vert lagd ned, men gi oss sjansen til Ä behalde breidda sÄ lenge elevane faktisk er her.

Nordhordland fortener ein skule med eit breitt og godt fagtilbod, ogsÄ pÄ studiespesialisering.

đŸ·ïž Extracted Entities (6)

Knarvik (place) Bergen (entity) Alver (entity) O (entity) Sotra (entity) Stig Solberg (person)