Herold

Ho er ny leiar for pÄtale i politiet

Plus
Kilde: Aura Avis Author: Arnfinn Skinlo Published: 2026-04-20 07:56:29
Ho er ny leiar for pÄtale i politiet

Guri Falck Kristensen blir ny pÄtaleleiar i MÞre og Romsdal politidistrikt.

Kristensen har fungert i rolla sidan februar 2025, men er no fast tilsett.

PÄtaleeininga sikrar at straffesaker fÞlgjer lova . Her er pÄtalemakta ein del av politiet med ansvar for Ä leie etterforskinga juridisk korrekt. Dei har ei objektivitetsplikt og skal vurdere bevis bÄde for og imot ein mistenkt fÞr ei eventuell tiltale blir tatt ut.

PÄtaleeininga har det juridiske ansvaret for heile politidistriktet, uavhengig av om saka startar ved ein stor politistasjon eller pÄ eit mindre tenestestad.

Guri Falck Kristensen har tidlegare vore seksjonsleiar for pĂ„tale i Ålesund, og har erfaring mellom anna som politiadvokat og avhĂžyrsleiar. Ho byrja i politiet i 2015. FĂžr det jobba ho som advokat i Ålesund og i Oslo.

– Det siste Ă„ret har vore lĂŠrerikt. Eg gler meg til Ă„ halde fram med Ă„ jobbe for utvikling av politidistriktet, ikkje minst for den sentrale og viktige rolla politijuristane har i politiet. Eg er heldig som har sĂ„ mange dyktige og erfarne medarbeidarar med meg pĂ„ reisa, seier Kristensen.

đŸ·ïž Extracted Entities (5)

Guri Falck Kristensen (person) Ålesund (place) Mþre (entity) Oslo (place) Romsdal (place)