Krev endring i sjukehusa: Vil sleppe til fleire helsefagarbeidarar
Helsefagarbeidarar har blitt oversett og mÄ fÄ utfÞre fleire oppgÄver ved norske sjukehus, meiner helseminister Jan Christian Vestre (Ap).
â Eg valde helse fordi eg hadde ein draum om Ă„ vere superhelt da eg var liten. Men ein kan ikkje fĂ„ superkrefter her i verda, sĂ„... Eg fann ut at i helse kan eg hjelpe og redde liv, sĂ„ derfor valde eg det, seier Tony Alexander Stensnes.
Han utdannar seg til Ă„ bli nettopp helsefagarbeidar.
Tony Alexander Stensnes vil jobbe innan helsesektoren for Ă„ hjelpe andre menneske.
Helseministeren tek no eit oppgjer med mÄten denne yrkesgruppa har blitt mÞtt pÄ.
â Eg meiner det var gale i si tid Ă„ legge eit lĂžp der vi skulle ha fĂŠrre helsefagarbeidarar pĂ„ sjukehusa vĂ„re, seier Vestre til NRK.
Bakteppet for signala frÄ statsrÄden er blant anna eit historisk og mykje omtalt vedtak gjort av Norsk Sykepleierforbund pÄ eit landsmÞte i Loen sÄ langt tilbake som i 1989.
Vedtaket slo fast at berre offentleg godkjente sjukepleiarar skulle vareta pasientbehandlinga pÄ sjukehus. Det reduserte i praksis rolla til helsefagarbeidarar i spesialisthelsetenesta.
Helse- og omsorgsminister Jan-Christian Vestre mĂžtte helsefagarbeidarar i Ăstfold fĂžrre veke.
Oversett
For i tiÄra som har gÄtt, har helsefagarbeidarane i for stor grad blitt oversett som arbeidskraft ved norske sjukehus.
Vestre understrekar at ansvaret for dette fĂžrst og fremst ligg hos sjukehusa sjĂžlv â og hos politikarane som legg fĂžringane.
â Betyr det at du meiner at det vedtaket frĂ„ 1989 bĂžr gjerast om, eller ikkje bli praktisert, slik Sjukepleiarforbundet i utgangspunktet Ăžnskjer?
â Eg opplever at Norsk Sykepleierforbund har ei konstruktiv tilnĂŠrming til ansvars- og oppgĂ„vedeling. Dei er tilhengarar av det. OgsĂ„ dei anerkjenner at det er behov for ulike yrkesgrupper, seier Vestre.
Helse- og omsorgsminister Jan-Christian Vestre tek eit oppgjer med mÄten helsefagarbeidarane har blitt mÞtte pÄ.
MÄlet mÄ difor vere Ä utdanne fleire, behalde dei som allereie stÄr i jobben og ogsÄ tilby gode lÞp for vidare karriere og utdanning for helsefagarbeidarane, ifÞlgje Vestre.
â Vi ser at helsefagarbeidarane gjer ein veldig viktig jobb, og vi treng fleire helsefagarbeidarar i Ă„ra som kjem. Det viser alle framskrivingar for helsepersonell, seier Vestre.
â Meiner du at bemanningsutfordringane i sjukehussektoren skal lĂžysast gjennom at mindre kvalifiserte tilsette skal utfĂžre oppgĂ„ver til lĂ„gare lĂžnn?
â Vi skal ha eit mangfald av yrkesgrupper i helsetenesta vĂ„r. Alt tyder pĂ„ at det vil vere eit stort behov for bĂ„de fleire sjukepleiarar og fleire helsefagarbeidarar framover. Her er det godt samarbeid som er nĂžkkelen.
For Ä jobbe som helsefagarbeidar mÄ du ha fagbrev.
â Kva for nokre spesifikke oppgĂ„ver pĂ„ sjukehuset meiner du kan overtakast av helsefagarbeidarar?
â Helsefagarbeidarane gjer jo ei lang rekke oppgĂ„ver pĂ„ norske sjukehus i dag, blant anna med stell, pleie og klargjering av pasienten, seier Vestre.
Han fortset:
â Partane i ventetidslĂžftet har peika pĂ„ fleire oppgĂ„ver helsefagarbeidarane kan gjere, som oppgĂ„ver i samband med kirurgi, blodprĂžver og sĂ„rskift.
Plass til fleire
Norsk Sykepleierforbund meiner Loen-vedtaket ikkje hadde som hensikt Ă„ presse nokon ut av spesialisthelsetenesta.
â Vedtaket seier berre at det er nĂždvendig Ă„ ha sjukepleiarar i helsetenesta som er ansvarleg for sjukepleietenesta. Dette stĂ„r vi fast ved i dag, seier nestleiar Kai Ăyvind Brenden.
Nestleiar i Norsk Sykepleierforbund, Kai Ăyvind Brenden.
Forbundet er einige i at det er plass til fleire helsefagarbeidarar pÄ sjukehusa.
â Vi meiner absolutt at det er plass til bĂ„de helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og mange anna type helsepersonell, seier Brenden.
Han understrekar samtidig at det mÄ gjerast pÄ rett mÄte.
â Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, vi har ulik utdanning og derfor ulik kompetanse. I nokre tilfelle betyr det at vi har litt ulike oppgĂ„ver.
Han fortset:
â Men det betyr ikkje at det ikkje er mange oppgĂ„ver ogsĂ„ helsefagarbeidarar kan gjere, pĂ„ lik linje med sjukepleiarar. Men det mĂ„ gjerast pĂ„ ein ordentleg mĂ„te, med gode prosessar og god opplĂŠring, seier Brenden.
Bemanningskrise
Enkelt forklart er forskjellen pÄ ein sjukepleiar og ein helsefagarbeidar utdanningsnivÄet: Ein helsefagarbeidar har fagbrev frÄ vidaregÄande skole, ein sjukepleiar ei treÄrig bachelor-grad. Ein sjukepleiar tener ogsÄ meir enn ein helsefagarbeidar.
Ei hovudbekymring for Vestre er bemanningskrisa som er under oppsegling i helsesektoren.
Helseminister Vestre meiner desse blir ekstra viktige i tida framover, for Ă„ sikre at vi har nok helsepersonell.
EldrebÞlga er ei viktig Ärsak til at det vil trengst langt fleire hender i helse og omsorg i tiÄra som kjem.
â Regjeringa vil legge fram ein helsepersonellplan fĂžr sommaren. Der vil vi vise, gjennom konkrete tiltak, korleis vi skal sikre at Noreg har nok helsepersonell, seier Vestre.
â Vi veit at den stĂžrste mangelen vil komme pĂ„ helsefagarbeidarar og sjukepleiarar.
â Korleis skal pasientsikkerheita varetakast viss sjukepleiarkompetansen skal erstattast av helsefagarbeidarar med kortare utdanning?
â Pasientsikkerheit er alltid det viktigaste, og vi skal ha topp kvalitet i tenestene vĂ„re. For at god ansvars- og oppgĂ„vedeling skal bli vellykka, er det viktig at ein brukar rett kompetanse pĂ„ rett stad og til rett tid.
â Her er eg glad for at partane allereie har blitt einige om premissane for dette, seier han.